Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Sol sol kom igjen….

Diverse: Sol sol kom igjen…. Slik startar ein koseleg barnesang, og det er slik vi hÃ¥per dei neste tre dagane vert, for dÃ¥ er tartanlegginga ferdig pÃ¥ rekordtid :) Lørdag reiser fire lag til Norway-Cup. Herrer 3.divisjon startar ein svært spennande haust mandag 9.august med heimekamp mot BrattvÃ¥g. SÃ¥ gÃ¥r det slag i slag for vÃ¥re lag utover hausten.

Rekordlegging av tartan ?

Om regnet held seg unna Stranda Stadion så er tartanlegginga ferdig iløpet av onsdag seier Kroatarane som jobbar 12-timardagar på Stadion. Det kan godt vere overskya, men regnet bør halde seg unna. Torsdag kveld kom dei og rigga seg opp og etter søndag så var status svært positiv. Ikkje berre vert eit stort delprosjekt av Stranda Stadion ferdig, men vi får dette arbeidet gjort i perioden med liten aktivitet og vi får gjennomført hauststarten utan flyttinger av kampar :)

Norway-Cup:

Lørdag 31.juli kl. 07.00 startar bussen frå Stranda kai til Oslo. Fire lag er med i årets Norway-Cup. Du kan lese kampoppsettet nedanfor. Fredag kjem vi med ei vurdering av puljene. Og etter kvar kamp så er målet at du skal få lese kampfakta og korte referat frå kvar kamp som våre lag spelar i Oslo.

Gutte (B46):

01.08 kl. 11.00     Ekeberg  bane12                Baia Mare - Stranda                         

02.08 kl. 18.30     Ekeberg  bane  4                 Stranda – Hønefoss

03.08 kl. 17.30     Ekeberg  bane 12               Stranda  – Raumnes & Årnes

 

Jente (R07):

01.08 kl. 17.30     Abildsø  bane 3                   Sør-Fron/Harpefoss – Stranda      

02.08 kl. 16.30     Ekeberg bane 6                  Klepp 2 – Stranda

03.08 kl. 15.30     Ekeberg bane 14                Vålerenga – Stranda

 

Små Gutte (C09)

01.08 kl. 14.30     Furuset bane 1                    Bremnes 2 – Stranda       

02.08 kl. 16.30     Ekeberg bane 14                Strømmen IF– Stranda

03.08 kl. 10.00     Ekeberg bane 11                Stranda – Vingar FK

 

Små Jente (V04)

01.08 kl. 11.45     Ekeberg 7er bane E18      Stranda –Storsteinnes

02.08 kl. 11.45     Valle Hovin 7er bane VE6  Ranheim – Stranda

03.08 kl. 10.50     Abildsø bane AE4               Stranda - Abildsø

 

3.divisjon herrer startar 9.august:

Vi ventar oss ein svært spennande haust for vårt lag i 3.divisjon og ikkje minst våre andre lag i senior-ungdom -og barneklassene.

 

Stranda opnar haustsesongen med heimekamp mot Brattvåg mandag 9.august kl. 1830. 10.august reiser Stranda 2 til Stordal for lokaloppgjer. Onsdag 11.august er det damelaaget ssom startar med heimekamp mot Ørsta kl. 1900. Fredag 13.august er det ny kamp for Stranda i 3.divisjon herrer. Denne gongen med tøff bortekamp mot Norborg. Så kjem HaNo på beøsk i 5.divsjon lørdag 14.august.

 

Fyldig førehansomtale om laga våre kjem dagane før hauststarten.

Skrive av Stranda Fotball, 25.07.2010 23:27
10 siste: