Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Underhaldande G14 siger!

G14 1.divisjon: Stranda - Hareid  5-3  (1-1) Med denne sigeren kan Stranda behalde plassen i 1.divisjon til hausten? Andre resultat tirsdag avgjer dette. J14 tapte 4-1 heime mot Skarbøvik søndag i 1.divisjon. Hødd 2 vann heime mot Herd i 3.divisjon! Gursken/Larsnes vann toppkampen mot Langevåg i 4.divisjon.

5.divisjon herrer: Tirsdag 22.juni kl. 1900: Stranda 2 - Hessa

G14 1.divisjon:

Stranda - Hareid  5-3  (1-1)

Mål: Sander Raknes 2, Vegard H Jøsok 2 og Petter Årvik 1

Kampen: Ein svært underhaldande, artig og god fotballkamp. Stranda viste fleire eksempel på fotball etter læreboka i denne kampen. Laget produserte enormt med sjanser og berre på to minutt så var laget fire gonger aleine med Hareid sin keeper!! Stranda burde faktisk vunne med fire-fem mål. Stranda beheld plassen i 1.divisjon om kampen mellom Aksla og Bergsøy får det rette utfallet i sin kamp tirsdag.

 

J14 1.divisjon:

Stranda - Skarbøvik  1-4  (1-2)

MÃ¥l: Sara Gjerde

Kampen: Ein jamnspela kamp som Skarbøvik viste seg å vere meir effektive.

 

3.divisjon herrer:

Hødd 2 - Herd  4-2  (0-1)

Herd får sitt andre tap og er tre poeng bak Bergsøy med like mange kampar spelt. Kven skulle tru dette ?

 

3.divisjon damer:

Ørsta - Herd  0-3

Toppserien kvinner:

Sola - Fortuna  2-3

 

2.divisjon herrer:

Hødd - Kolstad 2-2  (2-0)

Aalesund 2 - Steinkjer  3-0

 

4.divisjon herrer:

Langevåg - Gursken/Larsnes  1-6  (0-3)

Åram/Vankam - Ørsta  2-3  (1-1)

 

5.divisjon herrer:

Emblem - Aksla  4-0

Lepsøy - Harøy  2-4

Kvamsøy/ÅVK 2 - Hovdebygda  1-1

 

Tirsdag 22.juni kl.1900: Stranda 2 - Hessa

Stranda 2 møter “stjernelaget” Hessa pÃ¥ Stranda Stadion tirsdag. Hessa har fleire spelarar med erfaring frÃ¥ Tippeliga, Adeccoliga og 2.divisjon. Den største av dei er kanskje Nils Ottar Sandø som var toppskorar for Aafk i 2002!

Stranda 2 sin tropp: Lars Erik Opsvik, Thomas Roset, Fredrik Fausa, Kato Vangen, Kasper Koppang, Jan Magne Leirmo, Kenneth Korsbrekke, Tarjei L Tafjord, Ole C Årvik, Frode Rusten, Andreas Espelund, Karl Andre Birkhol, Ronny Ødegård + 2 stk

Skrive av Stranda Fotball, 21.06.2010 20:22
10 siste: