5.divisjon herrer: Emblem - Stranda 2 5-0 (3-0) Det unge laget frÄ Stranda gjorde ein god kamp, men tapte mot eit glimrande Emblem! HÞdd 2 og Hareid spelte 0-0 i ein kamp i 3.divisjon herrer. Tirsdag spelar G14 borte mot Spjelkavik i 1.divisjon.
5.divisjon herrer:
Kampen:
Vi hadde ein fin tone pÄ veg over fjellet og til Emblem, sÄ alt lÄg til rette for at gutta skulle ta ut det som krevdes for Ä hindre Emblem sÄ lenge som muleg. Noko vi klarte pÄ ein utmerka mÄte lenge. For dei fÞrste 20 minutta sÄ skapte vi ein del og fekk fire-fem cornarar. Heimelaget vart stressa og tenkte sikkert litt pÄ det forsmedelege tapet i fjor (2-1 for Stranda 2) Dei satte inn veteran Yngve Steffensen som virkeleg fekk sving pÄ Emblem. Han sÄg til tider ut som ein unghyn pÄ rundt 20 Är nÄr han sette igang (men han er 39) Emblem fekk eit fortjent 1-0 mÄl. Og i perioder imponerte Emblem med tempo og presisjon pÄ ballen som er svÊr t sjeldan pÄ dette nivÄet. Seks-sju trekk som resulterte i angrepsavslutning er glimrande. Det var derfor ikkje ufortjent at Emblem fekk to mÄl til fÞr pause siste to minutta. Men dÄ kunna vi med litt meir dyktigheit holdt oss til 2-o til pausa.
Slik som Emblem spelte pÄ sitt beste kunne vi tenke oss det vÊrste i andre omgang, men samtidig sÄ skapte Stranda bÄde sjanser og dÞdball forsÞk sÄ mulegheitene var der heile tida. Det skulle gÄ femten minutt fÞr Emblem fekk sitt fjerde mÄl og det gjekk nye femten fÞr 5-o kom. Etter dette fekk Stranda fleire cornarar og fire enorme sjanser. Utruleg at vi ikkje fekk inn eit til to mÄl ilÞpet av kampen. Men dette var ein godkjent kamp av alle spelarane som ga jernet og stod pÄ med enorm innsats. Det var berre det at Emblem var bedre og i perioder svÊrt gode.Det desidert beste fotballaget vi har mÞtt i Är.
Tre brÞdre pÄ bana: Dette var litt historisk, for det var tre brÞdre Espelund pÄ bana i denne kampen. Martin (25), Gunnar (22) og Andreas (18). PÄ senior A-lag har tre brÞdre Hjelle vore pÄ bana samtidig, nemleg Sindre, Kalle og Tor Inge Hjelle.
Laget:
1. Lars Erik Opsvik
2. Jan Magne Leirmo
3. Kenneth Korsbrekke
4. Martin Espelund
5. Gunnar Espelund (c)
6. Martin Hole
7. Andreas Espelund
8. Kasper Koppang
9. Kim langelo
10. Roy Valdal
11. Fredrik A Sve
12.
13. Lennart Hauge
14. Simon JĂžsok
Dommer: Arild Holm, Valder. 7 p.
Poeng:
3 p: Lars Erik Opsvik
2 p:
1 p: Gunnar Espelund, Andreas Espelund og Martin Espelund
Banens fire giganta: Erlend Larsen, Jan Magne Sollibakke,Yngve Steffensen og Emblem sin midtstoppar og kaptein
Neste kamp: Tirsdag 7.juni kl. 1900. Â Stranda 2- LepsĂžy
Â
3.divisjon herrer:
HÞdd 2 - Hareid 0-0
SjÄ der ja, Lars Erik i mÄl igjen og 3 poeng:) supert!
Takk for kampen, og flott referat!
Emblem sin kaptein og gigant i midtforsvaret heter Eivind Fiskerstrand :)
Emblem sin midstopper og kaptein heter Eivind Fiskerstrand