
Hjartestartarkurs: Stranda Fotball arrangerte hjartestartarkurs tirsdag på klubbhuset. Ni deltakarar fekk ei god innføring i dette viktige kurset som NFF og 4 lokale bedrifter har sponsa. Sjå gode bilder frå kurset :)
Prosess:
Stranda Fotball vart valgt ut av NFF til å få hjartestartaren og fire lokale bedrifter har vore medvirkande til at det kunne gjennomførast.
Det vart arrangert første kurs på Stranda tirsdag. Desse deltok på det første kurset og fekk sertifikatet til å bemanne og gjennomføre hjartestartaren.
Deltakarar:
Per Tronsen, Leidulf Årvik, Ronny Ødegård, Martin Espelund, Atle Tronstad, Nils Espelund, Endre Kjølås, Frode Verpeide og Harry Hovde.
NB! Det vil verte arrangert eit kurs til før ferien slik at nye ti vil få sjansen til å gjennomføre kurset. Så tar ein sikte på eit til hausten.
Desse bedriftene ilag med NFF har sponsa hjartestartaren og kurset:
Galvano AS - Stranda Stålindustri AS - Plamek AS - Nordang AS
Plassering:
Plassering av hjartestartaren vil verte bestemt med det første. Denne hjartestartaren vert rapportert inn til sentralen slik at ved nødnummer 1-1-3 sÃ¥ vert hjartestartaren til Stranda IL Fotball søkt opp som ein GPS.Â
Lærerikt:
Det var ein flink instruktør Eilev Moe som hadde kurset og deltakarane hadde mykje “skøy” som krydra kurset.
Vi takkar Eilev Moe for ein flott og motiverande jobb :)
Â
Foto Martin Espelund


