Mimring: Stranda fekk besøk av Norges beste fotballag i 1983, nemleg Vålerenga i 3.runde i NM! Over 7000 tilskuarar kransa Stranda Stadion den gongen. Det var fotballfeber på heile indre Sunnmøre og historia set fast i fotballhjarta den dag i dag!
Her kan du sjÃ¥ eit kort klipp frÃ¥ kampen pÃ¥ yoy tube.com –>
http://www.youtube.com/watch?v=OTS5W01f_d8
PÃ¥ vegen til 3.runde:
Stranda var historiske med sin 3.rundekamp heime mot Vålerenga i 1983. På vegen vart Sunndal og Aalesund slått ut av Stranda, begge desse laga spelte på nivå 2 den gongen, altså 1.divisjon. Før dette så vann Stranda sine to kvalifiserande runder også.
Resultat:
Stranda tapte mot Vålerenga 2-0 og det første målet kom ikkje før 81.minutt! pål Jacobsen skora begge måla for VIF. John Kåre Storås (Norddal) hadde ei heading i tverrligger før VIF skora!
Apparat:
Harry Hovde var trenar for dette laget. Det var ikkje vanleg med assistentar på denne tida. Ein uttakskomite som var valgt inn på årsmøtet var med og ta ut laget til kvar kamp. Ole Magnar Kjølås var lagleder og var intervjua direkte på NRK Møre og Romsdal rett før kampstart (dette var nokså uvanleg på denne tida). Fotballformann var Hallvar Fjørstad. Alle desse navna kjente for dei fleste.
Stranda sitt lag:Â (sweeper og to sentrale i deff og off rolle)
Bjørnar Myking
Jan Veiberg - Sveinung Ørjasæter - Johan Solli - Lars Tore Opshaug
                                                  Torgeir Aaland
Geir Johansen - Sindre Hjelle - Gisle Aaland (c)Â - Geir Verpeide
                                                 John Kåre Storås
Â
Før kampen:
Den junikvelden i 1983 kom det nærmare 8000 tilskuarar til Stranda stadion. Billettsystemet klikka når det passerte 6000, så det vart brukt andre typer billetterings bevis når kampen nærma seg og det fortsatt kom folk frå fjærn og nær. Det var satt opp fleire ekstraferger og bussar ifrå heile indre Sunnmøre. Alle var innvolvert i denne kampen, det var side opp og side ned i VG, Dagbladet, SA, Sunnmørsposten, Aftenposten, Sunnmøringen og fleire andre lokalaviser. NRK hadde også fleire intervjuer i dagane før. Det var rett og slett texas stemning i Stranda desse dagane. Fire timar før kampstart var det allereie over tusen frammøte på Stadion. Alle kommunale vegar var fullpakka av bilar og det vart avstengd i mange retninger. Når spelarbussen til Stranda og Vålerenga kom frå Stranda Hotell vart bussen stopp av politiet inn mot Stadion pga kaoset. Politiet trudde dette var ein buss med tilskuarar, mne der tok dei feil og måtte prioritere ei anna løysing :)
Arrangementet:
Mange timar før kampstart var det ulike arrangement på Stadion. Været var fantastisk og folk strøymde til arenaen. Hevsdalsblåsarane stod for musikk og show. Speaker var Rune Hagebakk. Dommer var Einar Halle frå Molde som også dømde internasjonalt den gongen.
Stjernegalleriet til VIF:
Trond Sollied kjenner dei fleste. Pål Jacobsen og broder Tom R Jacobsen (k) var begge solide på landslaget den gongen. Vidar Davidsen, Knut Arild Løberg, Henning Bjørnøy, Stein Gran og mange fleire var innom landslaget.
Videosnutt:
Dette klippet viser lite frÃ¥ tribuna der du kan sjÃ¥ kor mange som sat “sild i tønne” i Stranda sin enorme bakke! Det viser litt frÃ¥ før kampen (ca 2 timar før) Og innmarsjen til kampstart.
SjÃ¥ videosnutt: –> http://www.youtube.com/watch?v=OTS5W01f_d8
Feil i 11ern.. Åsen ut og G.Aaland inn.. Ødegård søv i timen..
Gjekk litt fort i svingane der, selvfølgeleg skal kaptein Gisle inn i startoppstillinga. Skal få lagt inn benken også.