A-lag herrer: Torgeir Rusten (23) kjem tilbake til Stranda etter fleire år i andre klubbar som Hødd, Ørsta og Hareid. Rusten er Geirangergut og har kampar i Adeccoligaen for Hødd.
Torgeir Rusten har siste 10 månadane vore i Liverpool og kompinert studier og fotball. Han vender heim til Stranda kommune i desse dagar. Rusten har skrive under overgangspapira og det formelle skal ordnast med hareid og NFF før han er speleklar.
Rusten spelte for Stranda i 2001-2002-2003. Rusten vart KM-meister for Stranda G16 to gonger i Inne-KM. Han fekk sølv med G16 i 1.divisjon. Han debuterte for Stranda sitt seniorlag våren 2003. Hausten 2003 meldte han overgang til Hødd. Han fekk fleire innhopp i Adeccoligane seinare. Så vart ikkje kontraktene med Høød fornya og Hareid, Ørsta og Hareid vart rekkefølga på vidare karriere.
No står Torgeir Rusten klar til å kle på seg den blå og raude Strandafargen igjen, noko heile kommuna gler seg til. Når han får litt tid på seg så vert Torgeir ei svært god forsterkning i kampen om poenga i ein tøff 3.divisjon. Han kjem til å bo heime i Geiranger og kombinere jobb.
Â
Oddvar Kjølås er i full gang med å finne draktnr til Torgeir.
Velkomen heim til Stranda og Geiranger Torgeir :)
Flott, velkommen tilbake :)
Supert Torgeir!
No begynner det å sjå lovande ut!
Meir og meir sikker på at Stranda står i 3. div. i år!