Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Stranda-FK Sykkylven 2.påskedag

A-lag herrer: Treningskamp mandag 2.påskedag: Stranda møter FK Sykkylven på Stranda Stadion kl. 1800. Dette vert den nest siste testen før seriestart 16.april mot Spjelkavik. Det vert også arrangert ei treningsamling for gutar 13-16 år kl. 10.00-14.00 denne dagen. Anleggsjef Nils Espelund skal køyre vekk ein del snø, så det skjer litt 2.påskedag!

Treningskamp: Mandag 5.april kl. 1800. Stranda - FK Sykkylven

Stranda møter FK Sykkylven for andre gong denne vinteren. I Sykkylven medio februar vann Stranda 4-1 etter ein god første omgang. Dette er den nest siste testen før alvoret startar. Stranda møter Ørskog heime søndag 11.april kl. 1700. FKS møter Hareid borte fredag 9.april.

Stranda serieopnar fredag 16.april mot Spjelkavik på Stranda Stadion.

Pga den tidlege seriestarten på Stranda Stadion så vil anleggsjef Nils Espelund køyre vekk ein del snø av dei store haugane som ligg rundt løpebana. Då skal det vere eit godt grunnlag til stordugnaden på anlegget lørdag 10.spril.

Treningsamling for gutar 13-16 år lørdag kl. 10.00-14.00. Denne samlinga har teama til dei tre laga: G13 - G14 - G16 planlagt og koordinert, med hovudtrener for G14 Leidulf Årvik i spissen. Spelarane vil gjennomføre to treningsøkter med tilsaman fem stasjoner/tema. I tillegg skal gruppene få ei lita teoriøkt. Også mat og frukt har Per Tronsen lagt opp til denne dagen. Eit flott tiltak for spelarutvikling i eigen klubb.

Dei innvolverte er: Leidulf Årvik, Lasse Opshaug, Terje Langlo, Ragnar Årvik, Robert Løken, Harry Hovde, Geir Koppang, Odd Helge Teigen, Erik Løfald, Arnfinn Lødemel og Per Tronsen. I tillegg fleire foreldre frå G96 som laga frokost og frukt.

Skrive av Stranda Fotball, 05.04.2010 01:08
10 siste: