Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
A-lag herrer til Kristiansund

Weekendtur: A-lag herrer og ein del frå B-lag stallen reiser på weekendtur til Kristiansund 26-28.mars. Der venter to kampar og sosialt samvær. Fredag venter KBK 2 og lørdag AK 2.

Stranda har fått utsatt sine to siste kampar mot Gursken/Larsnes og Langevåg pga snømengda. Det er planlagt ein ny kamp mot Stryn på Stranda Stadion onsdag 24.mars om bana vert klar.

Fredag stiller Stranda med dei sterkaste utvalgte pr. dato mot avdelingsvinnaren i 3.divisjon Nordmøre/Romsdal 2009. Lørdag stiller Stranda med dei som ikkje fekk spesielt med speletid på fredag i tillegg til dei som er med frå Stranda 2 sitt 5.divisjonslag. Averøykameratane 2 står på motsatt side. Har Stranda møtt eit seniorlag frå Averøykameratane tidlegare ? Har nokon eit godt svar på dette så sei litt i kommentar feltet. Vi har heller ikkje møtt eit seniorlag frå Kristiansund BK tidlegare. Den klubben vart stifta i 2001. Samansett av dei to klubbane Clausenengen og Kristiansund FK. Begge desse klubbane har spelt på nest øverste nivå i norsk fotball. Ole Gunnar Solskjær voks opp i Clausenengen. Stranda møtte dette laget i 2.divisjon i 2000 sesongen.

Fredag 26 : Atlanten Stadion: Kristiansund BK 2 - Stranda  20.00

Lørdag 27 : Atlanten Stadion: Averøykameratane 2 - Stranda 2  12.00

Skrive av Stranda Fotball, 17.03.2010 22:47
10 siste: