NFF Forbundstyret: Arne Aambakk (69) frå Stranda vart valgt inn i Forbundstyret på fotballtinget i Lillestrøm søndag. Aambakk er no leder i SK Herd. Vi er stolte av å ha den dyktige Strandaren inne i eit av toppverva og vi gratulerer han så mykje :)
Det var dramatikk på Lillestrøm. For det var ikkje Arne Aambakk valgkomiteen hadde satt opp til valget. Det var Stig Nergård frå Sunndal. Men eit benkeforslag kom fram og Aambakk var i neste augneblikk inne i Norges mest prestisjetunge forbundstyre innan idrett.
Berre så det er sagt så vart Yngve Haleen frå Sogndal ny fotball president. Han vann suverent i duellen med Sondre Kåfjord.
Aambakk flytta til Ålesund i 1994 og vart då leder i Sunnmøre Fotballkrets fram til 1998. Så tok han over lederjobben i Aafk og skal ha mykje av æra for at klubben tok sjumilsteg etter dette. Han fekk inn stikkorda langsiktigheit, nøkterheit, folkelegheit og samarbeid i organisasjonen. Alle veit kva som skjedde i Aafk utover 2000 talet.
Så trappa han ned med fleire verv etter at han vart pensjonist. Leder vervet i SK Herd. Medlem i Instruktørkorpset (lederutdanning) i SFK. Sanksjonsnemnda i NFF og styreleder i Ålesund turistforeining.
Aambakk har trena mange av Stranda sine lag på slutten av -70 talet og tidleg -80 talet. I 1980 og 1981 vart G16 og G19 laga til Stranda kretsmeistarar. Aambakk var trener. Han trena også småguttelag og i 1985 trena han Stranda sitt 3.divisjonslag.
For Ã¥ yte pÃ¥ mange arenaer og bidra med sin enorme kompetanse sÃ¥ kan formelen vere slik som han gjer: –> dagen startar med ein joggetur kl. 08.00 (45 min) før ein dusj vert avslutta med ein god frokost og avis.
Vi ønsker Arne Aambakk lykke til i eit spennande verv :)