Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Frå Valldal til Stranda G16 og J16

G16 og J16: Fem spelarar frå Valldal IL er klar for nye utfordringer i Stranda IL. Tre gutar og to jenter. Vi ønsker dei velkomen til Stranda sine spennande lag :)

Dei fem spelarane er følgande: –>

Karoline Nerli  (94)

Randi Elise Grønningsæter  (94)

Magnus Kaldhusdal  (95)

Ravi Lakshan  (95)

Andreas Nærø  (95)

Skal vi være heilt presise så er Andreas Nærø frå Tafjord og tar opp og fylle skoene etter Kent Runar Vad som pendla frå Tafjord i 1996 og 1997. Han er no inne i sin 14.sesong på Stranda.

Dei to jentene skal spele for Stranda J16 som stiller to lag. Eit 7-er i 1.divisjon og eit 7-er i 2.divisjon.

Dei tre gutane vil få tilbud antan på 11-er laget i 2.divisjon eller 7-er laget i 1.divisjon.

Tidlegare har Lars Thomas Håseth (15) etablert seg på Stranda. Han har også debutert med to kampar for Stranda sitt seniorlag i 3.divisjon.

Vi ønsker alle fem hjarteleg velkomen til Stranda :)

Skrive av Stranda Fotball, 06.03.2010 21:47
10 siste: