Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Steffen Lilleås tilbake

A-lag herrer: Steffen Lilleås (22) kjem tilbake i Strandatrøya tidleg i april. Han spelte sin siste kamp for Stranda i juni 2007. Sidan den gongen har han vore i militæret og ein kort periode i Hareid før han tok turen til England og studier. Vi ønsker Steffen tilbake :)

Steffen står oppført med 84 kampar for Stranda.

Han har signert papira og dei er i behandling i desse dagar.

Han er no i England med Liverpool som base og gjer nokre studier. Han reiste bort i oktober og kjem heim til Norddal/Stranda i starten av april. Han har også fått fulgt favorittlaget sitt Liverpool tett i denne perioden.

Steffen er kjent for sitt enorme rykk med ball og sin generelle fysikk.

Vi ønsker Steffen velkomen tilbake :)

Skrive av Stranda Fotball, 04.03.2010 17:43

Kommentarar

2 kommentarar til denne saka:

  • Ronnie says:

    Spørs om rykket ligg at i england?:)

  • Ronny says:

    Skrue du Furset :) God helg der oppe :)

  • 10 siste: