5.divisjon herrer: Terminliste forslaget for 5.divisjon herrer har komt frå SFK onsdag. Det vert truleg terminlistemøte 10.mars. Stranda 2 opnar 14.mars borte mot Aksla. Den 22.runden vert avslutta 10.oktober borte mot Hessa, som er tilbake på fotballkartet med Nils Ottar Sandø i spissen!
Det vart to avdelinger i 5.divisjon på Sunnmøre for 2010. Stranda 2 og Sunnylven kom ikkje i same avdeling, så det vert ikkje lokaloppgjør for desse laga i 2010.
Sunnylven er i avdeling 2 og skal møte desse laga –>
Sæbø - Hovdebygda - Åheim - Kvamsøy - Haddal - Hasundgot - Hareid 2 - Tjørvåg - Bergsøy 2 - Gjerdsvika
Stranda er i avdeling 1 med 12 lag  og 22.serierunder.
Stranda skal møte desse laga: –>
Stordal - Ravn - Brattvåg 2 - Harøy - HaNo - Lepsøy - Giske - Hessa - MSIL - Aksla - Emblem
Vi kjem seinare med ei vurdering av laga. Det som er sikkert er at det er mange sterke lag som har ambisjoner om opprykk. Og det er mange kjente spelarar i denne divisjonen. Nystarta Hessa har kapra Nils Ottar Sandø som var toppskorar for Aafk i Tippeligaen i 2002!
Onsdag 14.april: Aksla - Stranda (serieopning)
Onsdag 30.juni: Stranda 2 - Aksla (siste før ferien)
Onsdag 4.august: Harøy - Stranda 2 (første etter ferien)
Søndag 10.oktober: Hessa - Stranda (serie avslutning)
Â
NB! 10.mars skal terminlista spikrast, då alle klubbane møtast til diskusjon rundt datoane. Vi vil kome tilbake til den endelege terminlista når dette er klart.