5.divisjon herrer: Stranda 2 - Sunnylven 3-0 (0-0) Stranda stilte ein god tropp og vann fortjent mot Sunnylven i kuldegradene på Stranda Stadion.
Kampen:
Stranda hadde føringa dei første 25 minutta, før det var jamnt den siste delen av omgangen fram til pause.
Stranda var det beste laget gjennom den andre omgangen og vann fortjent etter spel og sjansar.
Heimelaget hadde fleire forsøk som var nær skoring. Sunnylven skapte svært lite i denne kampen.
Bjørnar O Hole var banens beste spelar frå sin midtstoppar posisjon. Svært gledeleg for denne tolmodige spelaren som utviklar seg i rett retning.
Stranda stilte ein sterk tropp. Fire spelarar frå A-stallen i tillegg til keeper. Kato, Martin og Kent Runar spelte ikkje kampen mot Sunnylven fredag og fekk matching i denne kampen mot nettopp Sunnylven. Kjekt og sjå Ole A Kragset som vert ei fin forsterkning for dette laget. Simon Jøsok spelte ein omgang og lovar bra, flott Simon. Håkon Mikal Dalen er også i gang igjen etter langvarig skade, kjempebra.
Â
Laget:
1. Rado Dvorsky
2. Kenneth Korsbrekke
3. Bjørnar O Hole
4. Are Habostad
5. Jan Magne Leirmo
6. Frode Rusten
7. Martin Espelund
8. Kent Runar Vad
9. Ole A Kragset
10. Roy Valdal
11. Kato Vangen
12.
13. Simon Jøsok
14. HÃ¥kon Mikal Dalen
15. Sivert Helstad
Â
MÃ¥la:
1-0: HÃ¥kon Mikal Dalen
2-0: Kato Vangen
3-0: Martin Espelund
Dommer: Per Helge Liset.
Pre-Match: –>
Troppen: Består av 8 stk frå B-laget. 2 stk junior og 4 stk frå A-stallen. Tre av A-lag spelarane som ikkje spelte mot Sunnylven fredag spelar i denne kampen. Troppen vil vere ganske lik slik formelen vil vere i seriekampane. 3-4 frå A-stallen og resten frå B-lagsmiljøet. Mange av dei som trener med B-laget er i svært god fysisk form.
Debutant: Ole Andre Kragset (24) kom frå ÅVK i haust og vil spele sin første kamp for Stranda 2. Han har trena fast med B-laget.
Mandag 1.mars kl. 1900 på Stranda Stadion. Stranda 2 - Sunnylven
Â
Referat kjem seint mandag kveld.