Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Stranda vann laber kamp!

A-lag herrer: Stranda-Sunnylven  4-2 (1-1) Stranda vann ein laber kamp mot naboen frå Hellesylt. Første omgang var svak med mykje rot. Andre omgang var Stranda eit par hakk bedre, utan å dominere.

Kampen:

Begge lag stilte redusert til denne kampen. Sunnylven lånte Stranda sin keeper Rado Dvorsky. Deira keeper Erik Stenberg var heime på vinterferie. I tillegg savna vi rutinerte Jørgen Helset og Tor Odd Kjellstadli.

Stranda var meir redusert enn det var ønskeleg. Knapt 4-5 som normalt skal vere i startoppstillinga var med for heimelaget frå start denne gongen.

Debutantar: G16 spelarane Lars Thomas Håseth og Martin Hole debuterte i sin første seniorkamp for Stranda. Håseth frå Valldal også frå start. Hole kom inn i andre omgang og kom også på skoringslista. Begge viste lovande takter på dette nivået.

KjølÃ¥s mista blod etter nasestyrer! : Endre KjølÃ¥s kom til kampen i pausa pga jobb, og skulle spele andre omgang. I siste speleminutt fekk han ein knallhard alboge over nasen, dette resulterte i stort blodtap! Han mista rundt 1 liter i dei ti minutta det foregjekk. KjølÃ¥s fekk tur til legevakta og det ser no ut til at han har kontroll over “skaden”

Laget:

1. Daniel Berbecki

2. Iver R Krohn

3. Anders A Sve

4. Frode Hagebakk

5. Bjørnar O Hole

6. Lars Thomas HÃ¥seth

7. Erlend Langelo

8. Gregorz Bielek

9. Gunnar Espelund

10. Tonny Ã…sen

11. Mario Strecky

12.

13.

14. Endre Kjølås

15. Martin Hole

16. Knut Martin Tryggestad

 

Dommer: Per Helge Liset, Stranda.

MÃ¥l:

0-1: Helge Tryggestad,  2 min.

1-1: Tonny Åsen, 39 min.

2-1: Mario Strecky,  50 min.

3-1: Martin Hole,  72 min.

4-1: Mario Strecky, 78 min.

4-2: Kenneth Hole,  89 min.

 

Pre-Match: –>

På kort varsel så sa Sunnylven ja til å stille på Stranda Stadion fredag kl. 1730. Men med forbehald om at tunnellane opna, og det har dei gjort. 

Stranda har gode forhold på si kunstgrasbane, noko som dei fleste klubbane på Sunnmøre faktisk slit med. Derfor hadde det vore surt å ikkje få gjennomført ein kamp når bana ligg der grøn og ganske så mjuk.

Skrive av Stranda Fotball, 26.02.2010 00:00

Kommentarar

1 kommentar til denne saka:

  • Sindre says:

    Knapt 3-4 av desse blir i startoppstillinga? Gode spelarar som Daniel B,Iver, Anders, Frode, Erlend, Mario og Endre bør vere aktuell i ei førsteoppstilling ?

  • 10 siste: