Årsmøte: Frode Langelo fortsetter som leder i Stranda IL Fotball. Langelo vart einstemmig valgt til leder for fotballgruppa i 2010. Over 20 var møtt fram til årsmøtet som kunne vise til ei flott årsberetning.
Frode Langelo vart valgt til øverste leder i Stranda IL Fotball. Dette vert fjerde sesongen til Langelo som leder.
Marit Opsvik, Solfrid Klokk og Liv Tone Ringstad sa takk for seg etter tre år i styret. Stranda Fotball vil takke desse for innsatsen :)
Kari Slettebak kom inn som ny styremedlem. Vi øsnker ho velkomen :) Torbjørn Langlo og Martin Espelund var ikkje på valg. Styret fekk årsmøtet si godkjening til å fylle opp styret med ein person.
Utdrag frå årsberetninga: –>
ORGANISASJON:
Stranda IL Fotball har vore organisert med sju personar i styret. I tillegg har fotballgruppa fleire undergrupper som jobbar som komité. Også Ad-Hock grupper vert brukt ved ulike arrangement. Største gruppa med ressursar er trenarar og oppmenn, 94 stk var med i 2009. Det var 88 i 2008.
Aktive dommarar:
Denne sesongen har vi vore to aktive dommarar. Per Helge Liset er evig ung. Frode Lyse gjorde come-back. Roy Mathiesen har tatt på seg ein del oppdrag internt i klubben. Desse har gjort ein god jobb både for SFK, Stranda Fotball og alle spelarane. Sunnylven sine unge dyktige dommarar har vore ein ressurs også for Stranda denne sesongen, vi vil takke dei for innsatsen. I tillegg har vi vore avhengige av mange frivillige til å dømme 11-er kampar. Over 100 oppdrag har vi hatt i lille og miniklassene og her har aktive mellom 13-17 år vore kampledarar. Denne sesongen har oppmann ordna dommarar til sitt eige lag sjølve, ei ordning som har vore unik for organisasjonen i fotballgruppa.
Møteverksemd:
Det har vorte halde 16 styremøte frå januar `09 – desember `09. Vi har i denne perioden hatt mange saker på saklistene. I tillegg har klubben hatt svært mange arbeidsmøte i ulike fora.
Organisasjon:
Stranda Fotball med sine 36 lag og nesten 400 aktive spelarar er ein stor organisasjon og styret har sett det som ei viktig oppgåve å få denne organisasjonen til å fungere best mogleg administrativt. Og vi meiner at vi er i rute. Utfordringa ligg i å få nok tillitsvalte til dei ulike grupperingane.
Det er utarbeid ein organisasjonsplan for Stranda Fotball med klare arbeidsinstruksar for kvart enkelt lag/nemnd, og styret er av den meining at viss vi får denne planen til å fungere etter sitt formål så er mykje løyst på det administrative felt.
Utdanning:
Stranda Fotball har mange duglege friviljuge som gjer ein kjempejobb. Styret ser det som ei viktig oppgåve å skulere desse best mogleg, og styret har derfor som målsetjing at alle trenarar/leiarar frå G14/J14 og nedover skal ha minimum A-kurs og frå gutte og oppover bør alle ha Trener I/B-kurs. Vi har hatt eit fenomenalt år på dette området siste to åra. Svært gledeleg.
Kurs:
Trener II/C-kurs: Sindre Hjelle deltok i Kristiansand med praksisveka. I februar leverte han den teoretiske prøva.
Trener I/B-kurs: Ingen har gjennomført dette kurset i 2009. Men heile seks tok det året før.
Trenerkoordinator kurs: Torbjørn Langlo gjennomførte kurset i november -09.
Representasjon:
Stranda IL har innanfor fotballen vore representert med fylgjande personar:
- Instruktørkorpset i SFK: Ronny Ødegård
- NFF Ungdomsutvalg: Martin Espelund
- Ledermøtet i SFK: Torbjørn Langlo og Ronny Ødegård representerte Stranda.
- Kretslag jenter 16 år: Eline Langlo, Ellen M Hole og Marte Slettebakk
- Kretslag gutar 16 år:
- Kretslag jenter 15 år:
- Kretslag jenter 14 år: (Bylag) Stine Fivelstad og Lena Gjærde
- Kretslag gutar 15 år:
- Kretslag gutar 14 år: (Bylag) Martin Hole og Kasper Koppang
Heider:
- Arild Opshaug kåra til årets supporter på fotballfesten.
- A-lag herrer kretsmeister i 4.divisjon. GULL!
- J16 nr.3 i Norway-Cup. BRONSE!
- Jenter-96 nr.2 i 1.divisjon. SØLV!
- J19 nr.3 i Rica Parkett Cup. BRONSE!
Aktivitet:
Den sportslege aktiviteten i gruppa har vore svært stor også i sesongen 2009. Med omlag 400 spelarar fordelt på 36 lag var Stranda IL Fotballgruppa den klubben med femte mest lag i Sunnmøre Fotballkrets denne sesongen. Vi har stilt lag i alle klasser både for gutar og jenter. Vi har stor breidde for jentene. Stranda er den klubben med flest jentelag i SFK (15), ilag med Volda. Målet for fotballgruppa må vere å oppretthalde dette høge aktivitetsnivået i åra som kjem.
Turneringar:
Alle våre aktive har hatt tilbod om å vere med på ei eller fleire turneringar i løpet av sesongen.
Vi har i år delteke med lag på fylgjande turneringar: à
Vinterserien/kvalifisering 1 lag
Valldal-cup 1 lag
Tare-Cup 4 lag
Tare-Cup jentefestival 5 lag
Sognefjord-Cup 3 lag
Høstputten 2 lag
Stordal-cup 4 lag
Selje-Cup 2 lag
Norway-Cup, Oslo 3 lag
Innandørs-KM/Futsal-KM 15 lag
Arrangement:
- Nattcup januar 2009
- Topp fotballskule juni/juli 2009
- G-sport fotballskule august 2009
- ”Den store fotballfesten” oktober 2009
- Rica Parkett Cup (J16) November 2009
Dugnadar:
For at Fotballgruppa skal gå i balanse og ha god økonomi er vi avhengige av ulike dugnadar.
Vi prøvar å fordele arbeidet på dei ulike laga og aktive, samt ein del foreldregrupper.
Vi kan nemne: Fotballskulen. Kioskvakter ved ulike arrangement. Og i tillegg fleire mindre oppdrag.
I 2009 har også dei fleste laga vore engasjert i dugnader på Stranda Stadion.
Anlegg:
I 2006 vart stadionområdet opprusta med kunstgras på hovudbana og ei ny 5’er bane bak målet i klubbhussvingen. Det har i 2009 vore brukt mykje tid på dugnader. Asfaltering av løpebana, ny sarg, nytt gjerde, uteplass ved KGB og påbegynt ny kiosk. I 2010 vil det bli lagt tartan på løpebana, nye innbyttarbenker og ferdigstilling av kiosken. Arbeidet er planlagt ferdig i juni.
Det har også blitt etterfylt 30 tonn med gummigranulat på hovudbana.
Økonomi:
Regnskapen for sesongen 2009 er ikkje avslutta. Slik det ser ut pr dato, vil fotballgruppas driftsresultat gå med eit lite overskot. Endeleg resultat blir klart i feb.-10.
Dei største inntektene våre kjem frå sponsormidlar, treningsavgifter, fotballskule, dei tradisjonelle turneringane og ulike dugnader.
Vi har i dag god kontroll med økonomien i Stranda IL Fotball.
Verd å ta med under “heider”: J96 sølvmedalje i Sognefjord Lerum Cup !!! Klubbens beste lag i ungd.fotball i 2009 !