Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Meld deg inn i GRASROTANDELEN

Grasrotandelen: Nors Tipping innførte grasrotandelen i 2009. Stranda IL vil gjerne at flest muleg melder seg inn som støtte til idrettsarbeidet pÃ¥ Stranda. Det koster deg som tippar ingenting! Du kontaktar betjeninga hjÃ¥ kommisjonærane, sÃ¥ er det gjort pÃ¥ eit “blunk” og registrere seg.

Norsk Tipping innførte denne fordelinga frå 2009. Det vil seie at kvar tippar bidrar med 5% av tippeinnstasen til den organisasjonen ein vil støtte.

NB! Denne støtta hadde gÃ¥tt inn i “sluket” til Norsk Tipping om du ikkje hadde registrert deg til ein lokal organisasjon.

Kommisjonærar pÃ¥ Stranda : –>  NB! Spør betjeninga om hjelp

Svingen Handel  SPAR

Coop Prix

Rema Stranda

Stranda Bok og Kontorservice

Statoil Stranda

Stranda IL takkar alle som allereie har registrert seg :)

Under er brevet som Norsk Tipping sendte ut som ei forklaring pÃ¥ prosedyrer: –>

Norsk tipping vil gi bort 5% av omsetningen

 

 

 STRANDA IDROTTSLAG

Organisasjonsnummer: 970254013

 

32774970254013

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje eitt lag eller ei foreining som du ønskjer å støtte. Dette gjer du ved å finne deg ein Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg til å støtte oss i STRANDA IDROTTSLAG

Tenk deg at du kan spele Lotto, Tipping og Joker - og samstundes gje noko til STRANDA IDROTTSLAG.. Dette er no mogleg frå 1. mars via Grasrotandelen. Ved å spele hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til STRANDA IDROTTSLAG (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje trekt noko for å vere grasrotgjevar. Du treng Spelarkort frå Norsk Tipping for å bli grasrotgjevar. Spelarkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på norsk-tipping.no.

Vi oppmodar deg til å bli med på ordninga og dette kan du gjere ved å ved å velje ein av desse fire framgangsmåtane:

1. Hos Kommisjonær: Ta med deg denne strekkoden og Spelarkortet til ein Norsk Tipping-kommisjonær.
2. SMS: GRASROTANDELEN organisasjonsnummer til 2020 (tenesta er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no
4. Norsk Tipping Mobilspel.

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje klubben eller foreininga di får inn via Grasrotandelen.

Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!

NÅ  KAN  DU  OPPFYLLE  DRØMMENE  TIL  NOKON

 

Skrive av Stranda Fotball, 23.01.2010 14:38

Kommentarar

1 kommentar til denne saka:

  • Martin says:

    Coop Prix også

  • 10 siste: