Overgangar: Godøy er den store taparen så langt i år, dei har mista tre av sine mest sentrale spelarar! Volda hentar og mistar spelarar. Vigra forsterker. Larsnes/Gursken kan vere favoritt i 4.divisjon?  Fleire overgongar kjem garantert framover.
Godøy mistar sin spelande trenar siste sesongane, Svein Arve Alnes til Skarbøvik i 2.divisjon. I tillegg mistar dei sin toppskorar, Kenneth Kjevik tilake til moderfklubben Vigra. Dermed vert Vigra eit topplag i 4.divisjon også i 2010! Så ein annan angrepspelar, Trond Brynestad går til Volda.
Volda mistar poengbørsvinnaren i 2009, Anders Heggen som vil prøve seg hjå Træff og Erik Brakstad. Men dei har også fått den solide forsterkninga i Preben Hagen Torvanger frå Skavøypoll.
Aleksander Håskjold (31) går til Brattvåg. Han er ekte Vika mann, men har spelt både i Stranda, Ørskog og Røa. Håskjold gjekk idrettslinja på Stranda. Og i 1999 sesongen var han svært god då han pendla frå byen til Stranda. Ein kjernekar i Strandamiljøet som vi ønsker lykke til vidare :)
Thomas Lid Kleppe trener med Hødd. Om han får kontrakt så hoppar han truleg på dette tilbudet. Han er Ørstagut, men har spelt for Volda i 2009.
Blindheim sin Simen Fjørtoft går til Skarbøvik. Viktigaste kortet til Blindheim for å vere eit topplag i 2010.
Lars Olav Winjevoll (23) forlet Ørsta til fordel for Skarbøvik
Jan Kjetil Holen skal trener Sæbø i 2010. Han trente laget også i 2007.
Per Rune Tødenes tek over Hødd sine damer i 2.divisjon.
Larsnes/Gursken har henta heim Christoffer Brune Rekdal frå Hødd. Og Eivind M Myklebust kjem heim etter studier i Bergen. Sandelaget har ein kanonstall og bør vere med og kjempe om opprykk.
Yngve Frøland, (Sæbø) Terje Haugen Øye, (Sunnylven) samt Terje Rebbestad og Kai Henning Leira (Åmdal) spelar alle for Ørsta i 2010
Odd Brede Langdal går til Skodje, står det å lese på http://www.skodjeil.blogspot.com.