Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Sunnmøre rundt i jula

Sunnmøre rundt i jula: Fleire nyheiter ligg no ute på ulike nettsider i romjula. Her kan du lese nokre av dei. Tom Erik Olsbø vraker Spjelkavik si satsing og går tilbake til Skarbøvik. FK Sykkylven, Godøy, og Skodje er dei tre laga (3-4.div.) som ikkje har offentleggjort trenarar for 2010.

Hødd jobbar med to Islendinger som Reidar Vågnes har kontakt med. I tillegg skal klubben lage eit samarbeid med Folkehøgskulen om inntak av elever frå Senegal.

Spjelkavik: Tom Erik Olsbø går frå Vika til Skarbøvik. Han har lenge vore i tenkeboksen, men valgte 2.divisjon.

Marius Hagen (17) frå Eid og som var I Volda eit lite år har fått kontrakt med Molde FK. Han skal spele for Molde i 2.divisjon.

Richard Tomren vraker SIF og 2.divisjon til fordel for Brattvåg.

Idrettsprisen i Sunnmørsposten gjekk til Amund Skiri. Gratulerer :)

Talentsamlingane i regi av Aafk for 10-12 åringar startar opp igjen 4.februar etter at klubben har evaluert opplegget i januar med sine nye innvolverte.

Volda stiller to (2) damelag 11-er i 2010 sesongen. Eit lag i 2.divisjon og eit i 3.divisjon.

Martin Ekremsæter går frå ÅVK/Åheim til Valder. Emremsæter har vore kanskje den beste spelaren i 4.divijson siste åra. Hausten 2009 gjekk han til moderklubben Åheim for å bidra til opprykk, men det vart ikkje slik. Valder får ei fin forsterkning i 3.divisjon.

Geir Roar Gamlem vert Brattvågspelar. Han har Norborg som moderklubb, men har fleire sesonger i Langevåg også.

Skodje IL opnar ny kunstgrasbane 1.mai 2010

Ørskog kommune sa Ja til kunstgrasbane 17.desember 2009.

Skrive av Stranda Fotball, 29.12.2009 14:10

Kommentarar

1 kommentar til denne saka:

  • Feil says:

    “Geir Roar Gamlem vert BrattvÃ¥gspelar. Han har alltid vore Norborg si eigedom.”

    Gamlem spelte fleire sesonger for Langevåg.

  • 10 siste: