Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kvalifisering for 1.divisjon G16

Kvalifisering 1.divisjon G16: SFK har sendt ut oppsettet som viser terminlista for kvalifiseringa til 1.divisjon. Eit tett og tøft oppsett som vert krydra med storkampen mot Aafk på Stranda Stadion 3.februar. Stranda møter i tillegg Aksla, Bergsøy, Ørsta 1 og Ellingsøy, alle desse i Sunnmørshallen.

Terminlista:

Søn 24.januar: Aksla - Stranda   10.30.  Sunnmørshallen.

Søn 31.januar: Stranda - Ellingsøy  18.00. Sunnmørshallen.

Ons 03.februar: Stranda - Aafk  18.30. Stranda Stadion.  (Merk bane)

Søn 14.februar: Stranda - Bergsøy  13.30. Sunnmørshallen.

Søn 21.februar: Ørsta 1 - Stranda  12.00. Sunnmørshallen.

 

Stranda skal spele fem kampar iløpet av 3 veker. Det vert tøffe kampar mot gode lag. Som vi har skrive før, så ser vi på Aafk og Aksla som favoritter i denne pulja. Mne både Bergsøy og Ørsta vert gode. Ellingsøy har mange gode spelarar, men vi trur dei vert jumbo dessverre.

Skal Stranda kunne nå målet om å kvalifisere seg så må alle spelarane vere godt forberedt på denne korte tid afram til første kampen. Stranda må også kunne benytte seg av ein fulltallig tropp.

Det vert uansett spennande å følge gutane. Uansett om laget ikkje skulle kvalifisere seg så har klubben og trenarane mange delmål til sesongen som skal gjennomførast. Det vert nye mål og opplevelser uansett.

 

Lykke til gutar :)

Skrive av Stranda Fotball, 25.12.2009 17:37
10 siste: