Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kjempesignering av damelaget!

Signering av damelaget: Sandra Kammen (18) har signert for damelaget før sesongen 2010! Ei kjempesignering seier teamet på damelaget. Geirangerjenta Sandra har spelt for Sunnylven siste åra. Sandra vert ei fin forsterkning for ein spennande damelagstropp. Damene startar ein ny sesong 6.januar.

Sandra Kammen (18) har vore bosatt i Geiranger, men familia har no flytta til Stranda der mor er ifrå. Sandar går idrett på Stranda VGS.

Sandra er av dei spelarane med størst potensiale i 3.divisjon Sunnmøre. Fysikk og ein svært god  fot på langpasning og skot er hennes beste sider. Ho har spelt midtstopper for Sunnylven.

Arnfinn, Terje og Frode i teamet synest denne signeringa gjer stallen spennande før sesongstarten som er 6.januar. Damelaget hadde spelarmøte denne veka der planane vart lagt for vinteroppkøyringa. Tidlegare har to jenter frå Ørsta signert. I tillegg har Stranda nokon svært lovande unge jenter på gang.

Meir om damelaget kjem i eiga sak i romjula.

Skrive av Stranda Fotball, 24.12.2009 01:19

Kommentarar

1 kommentar til denne saka:

  • bror says:

    nå må vi ro ned skrytinga her!!

  • 10 siste: