Team J14: Teamet til J14 (-96) laget er klart for 2010 sesongen. Hovudtrener vert Endre Kjølås. Assistent vert Fredrik Fausa. Og Kristine Vågsæter og Susanne E Sørheim vert hjelpetrenarar.
Sindre Hjelle har trena laget i mange sesonger og fått til sportsleg god utvikling på jentene. I flesteparten av desse sesongane har også Eldar Gjærde vore med som trener for dette laget, dei første som hovudtrener. Vi takkar desse for innsatsen for dette laget :)
Eli Anne Lundanes har vore lagleder i 2008 og 2009 og gjort ein utmerka jobb for jentene. Kven som vert lagleder i 2010 er ikkje avklart på dette tidspunkt.
Endre Kjølås (29): Har lang fartstid som trener i klubben. Har trena lag samanhengande sidan 2000 sesongen. Då starta han som trener ilag med Thomas Roset for Kato Vangen sitt lag på G13. Etter dette så har han trena G14, G16, G19 og senior B. Det vert første gongen Kjølås skal trene jentesida. Men heilt ukjent er det nok ikkje. For kvart år på fotballskulen har han hatt ansvaret for jenter. I 2009 også jenter på toppfotballskulen i juni.
Fredrik Fausa (24): Har vore med rundt lag i fire tidlegare sesonger. Hadde ansvaret for J16 i 2006. Har vore i A-stallen i mange sesonger. Etter eit avbrekk pga sjukdom så skal Fausa no trene seg tilbake med senior 5.divisjon (B)
Kristine Vågsæter (17): Flotte aktive jenter på Stranda sitt damelag. Er elever ved idrettslinja på VGS. Dei skal ha praksis innan treningsledelse og dette jentelaget er ein ypperleg arena for flotte forbilder.
Susanne E Sørheim (17): Flotte aktive jenter på Stranda sitt damelag. Er elever ved idrettslinja på VGS. Dei skal ha praksis innan treningsledelse og dette jentelaget er ein ypperleg arena for flotte forbilder.
Desse to jentene har ein hektisk kvardag og vert ikkje med på alle aktivitetane. Dei er aktive på damelaget. Susanne spelar også handball. Og i romjula skal dei debutere på revyscena på Stranda revylag.
Â
Vi ønsker det nye teamet for J14 (-96) og jentene  lykke til med 2010 :)