Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
G14 teamet på plass til 2010

G14 teamet klart: Leidulf Årvik vert hovudtrener ilag med trenarane Stig Hoel og Robert Løken. Per Tronsen kompletterer teamet som lagleder. Laget til G14 skal ha eit tett samarbeid med G13 og G16 i 2010. Sportsleg utvalg i Stranda fotball er glade for å kunne presentere dette teamet. Vi håper å kunne presentere dei andre laga i ungdomsklassa iløpet av kort tid.

Alle desse tre trenarane har trena Stranda A-lag herrer. Og lagleder Tronsen er også av Strandas store ressursar på mange områder. G14 stiller eit 11-er lag. Men det skal diskuterast ulike modeller i eit sportsleg forum når apparata for G13 og G16 er klare.

Leidulf Årvik: Har spelt 467 kampar for Stranda. Trente Stranda A-lag i 2002 (ass.) 2004 og 2005. Mestkorande for Stranda gjennom tidene. Har spelt fire sesonger for Stranda i 2.divisjon. Har samanhengande hatt oppgaver i Stranda sidan han la fotballskoa på hylla. Har hatt ansvar for store arrangement. Er også i 2010 leder i Stranda IL.

Robert Løken: Har spelt 276 kampar for Stranda. Assistent på Stranda A-lag hausten 1992. Fekk med seg to sesonger for Stranda i 2.divisjon. Fysisk sterk og slu spiss med stort engasjement. Har vore trenar på mange nivå i klubben.

Stig Hoel: Har spelt 119 kampar for Stranda. Hovudtrener for Stranda A-lag i 1994. Robust forsvarspelar for Stranda. Har trena mange nivå i klubben. Hadde ansvaret for damelaget i 1.divisjon i 2000 sesongen.

 

Vi ønsker laget lykke til i 2010 :)

Skrive av Stranda Fotball, 06.11.2009 21:53
10 siste: