Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Suksess med Bylaget på Stranda

Bylag Ålesund: Bylag Ålesund gutar hadde samling på Stranda onsdag. Det vart ein flott kveld for både spelarar, trenarar og foreldre. Sara Gjærde har kvalifisert seg til Bylag Ålesund sitt jentelag som skal til Kristiansund på lørdag og spele kamp, gratulerer Sara :)

Bylag Ã…lesund gutar:

Bylag Ålesund gutar hadde samling på Stranda onsdag. Fine forhold og ei flott samling.

Reidar Vågnes, Bjørn Andersen, Ruben Barndal og Rune Sunde hadde ansvaret for samlinga. Preben Bjørdal frå Stranda hadde ansvaret for fem keeparar.

20 utespelarar og 5 keeparar var tilstades. Berre to spelarar hadde meldt forfall.

1745: Reidar Vågnes sa litt om økta. Spelarane vart presentert. Krava til treningskvardagen vart det nevnt litt om.

              Heile 26 trenarar og foreldre var tilstades. Dette er vi kjempefornøgd med.

1815: Oppvarming

1845: Spelarane spelte 11 -v- 11 i fem omganger. Det vart fokusert på utvikling i strukturelt spel.

FrÃ¥ Stranda var desse med pÃ¥ samlinga: –>

Øyvind Fjørstad (fast i kjernetroppa), Jens Løken (utfordregruppa)

Even Korsdal, Sander Raknes har fått sjansen på dei siste samlinga. I tillegg har Simen Ødegård vore med (sjuk denne gongen) Samlinga på Stranda fekk også Per Johan Tronsen og Joakim Fivelstad sjansen til å vise seg fram.

 

Bylag Ã…lesund jenter:

Sara Gjærde har hatt ein kanonsesong. Ho tok sølv med J13 i 1.divisjon. Sølv i Sognefjord-Cup og er no tatt ut i 16-manntroppen som reiser til Kristiansund lørdag for å møte Bylag Kristiansund.

GRATULERER Sara :) Jentene reiser ilag med gutane frå Moa sentral lørdag kl. 08.00

Vi kejm tilbake med referat iløpet av helga.

Skrive av Stranda Fotball, 30.10.2009 00:24
10 siste: