Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Tapte jamn kamp

5.divisjon herrer: Standa 2- Skodje  2-5 (1-2) Stranda 2 stilte ein god tropp mot Skodje som jagar Paly-off. På bana var det jamnt, men bortelaget hadde flset sjanser. Hødd spolerte opprykksjansane i 2.divisjon med sitt 2-4 tap for Follo søndag!

Fakta:

Stranda 2 stilte ein god tropp til denne kampen. Fram til Frode Rusten ga Stranda ledelsen midt i første omgang var banespelet heilt jamnt. Utlikninga var eit typisk Stranda 2 mål imot, full kontroll men svak avklaring. Så sette bortelaget inn ledelsen mot eit passivt heimelag. G.Bielek gir Stranda håp etter 60 minutt, men rett etter så søv Strandaspelarane då Skodje tek eit raskt og uventa frispark frå 25 meter og rett i mål. Begge lag har fleire sjanser etter dette, men det er Skodje som fortjent sikrar sigeren med dei to siste måla.

Dette var ein kamp Stranda 2 kunna tatt poeng mot Skodje, men enkeltdetaljer sendte Skodje opp på Play-off plass. Dei vil kjempe om denne ledige plassen ilag med Stordal, begge har to kampar igjen. MSIL er suverene vinnarar, dei satsar sikkert på å vere ubeseira i seriekampane.

Også i denne kampen hadde Stranda 2 full VIP tribune som følgde med det meste. Stranda 2 har igjen Langevåg 2 før sesongen i 5.divisjon er over. Vi kjem tilbake med oppsummering seinare.

 

Laget:

1. Jarl R Krohn

2. Jan Magne Leirmo

3. Kenneth Korsbrekke

4. Thoams Roste

5. Njørnar Hole

6. Frode Rusten

7. Martin Espelund

8. Gunnar Espelund

9. Tarjei L Tafjord

10. Gregorz Bielek

11. Daniel Ã…rvik

12.

13. Are Habostad

14. Roy Valdal

15. Tommy Bjørdal

16. Edin Salihovic

 

Dommer: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy.  7 p.

 

MÃ¥la:

1-0: Frode Rusten

1-1: Osvald Giske

1-2: Eivind Erstad

2-2: Gregorz Bielek

2-3: Tobias Sortehaug

2-4: Joakim Erstad

2-5: Roger Ytreberg

 

Poeng:

3 p:

2 p:

1 p: Thomas Roste, Martin Espelund og Gregorz Bielek

 

Neste kamp: Søndag 4.oktober. kl. 1400. Stranda 2 - Langevåg 2. Stranda Stadion

 

2.divisjon herrer:

Hødd - Follo  2-4

MÃ¥l: Erik Sandal og Vegard Heltne

Hødd har ikkje sjansar til å komme tilbake til Addecoligaen denne gongen og det vert svært hardt for Hødd og komme tilbake også neste år!

Skrive av Stranda Fotball, 20.09.2009 22:26

Kommentarar

2 kommentarar til denne saka:

  • Bacardo says:

    Gi no for faen en vanlig 3-2-1 skala noda.. Berre tull med ditta 3 på 1 poeng og att og fram.. Skal være en på 3 en på 2 og en på 1 poeng.. Helvettes knøtteskala slik dei fleste skal bli fornøgd.. Alle fikk vel spele likt også?

  • Spays! says:

    Heilt enig med deg Barcardo. Alle poengene må deles ut etter hver kamp.

  • 10 siste: