Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kampar i helga rundt omkring

Kampar i helga: Sunnylven tapte 3-4 for Bergsøy lørdag. G14 7-er vann 10-5 mot Brattvåg lørdag. Hødd rota vekk tre poeng mot Skarbøvik. Aafk er i nedrykkstriden etter 1-1 heime mot Bodø/Glimt.

4.divisjon herrer:

Sunnylven - Bergsøy  3-4 (0-0)

Sunnylven si heimeside skriv at heimelaget tapte ufortjent! Og Bergsøy si heimeside skriv at dei vann svært fortjent!  Bergsøy hadde 8-0 i målsjanser etter 22.minutt! Jaja kva skal vi tru? Var der ein nøytral på Hellesylt Stadion skal tru :)

 

2.divisjon herrer:

Skarbøvik - Hødd  1-1 (0-1)

Mål: Anders Vaagen (Hødd) og Jan Ola Ringstad (SIF)

Denne uavgjorten kosta truleg Hødd sjansen for å henge med i kampen om opprykk, SIF skora på slutten. At Follo vann 8-1 mot Steinkjer gjorde ikkje situasjonen noko bedre.

 

Tippeligaen:

Aafk - Bodø/Glimt  1-1  (1-1)

MÃ¥l: Amund Skiri

Heimelaget er for alvor i nedrykksumpa! Godset tok poeng. Vålerenga vann mot Molde. Mandag har Lyn sjansen til poeng, det same kan Lillestrøm gjere.

 

5.divisjon herrer avd. 3:

Lepsøy - HaNo  2-7

HaNo sikra topplassen i avdelinga etter denne sigeren. Heimelaget er nok med i kvalifiseringa for 4.divisjon i oktober etter desse tre poenga.

 

G14 7-er:

Stranda - Brattvåg  10-5  (5-2)

Mål: Emil Sylte 3, Øyvind Fjørstad 3, Even Korsedal 1, Simen Ødegård 2, Håkon Relling 1

 

G16 2.divisjon:

Aksla - Stranda  3-2  (0-1)

MÃ¥l: Martin Hole og Kasper Koppang.

Stranda tapte kampen heilt på slutten. Når det stod igjen to minutt leda Stranda 2-1!! Laget har ikkje hatt marginar så langt i haust. I forrige kamp tapte Stranda etter å ha dominert kampen mot Vigra/Godøy/Giske!

Skrive av Stranda Fotball, 30.08.2009 21:24
10 siste: