Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Fotballskulen var strålande!

Fotballskulen 2009: Det vart ein strålande Fotballskule, ikkje berre været, men også det sportslege og sosiale var det klaff med.  290 deltakarar og 100 friviljuge var i action på Stranda Stadion forrige helg. I tillegg mange foreldre og andre. Strandafotball TAKKAR alle som bidrog til dette store arrangementet :)

Været var det store temaet i dagane før fotballskulen, men som  alltid så ordna dette seg :)

Stranda Fotball vil TAKKE alle som bidrog til eit strålande arrangement :) Spesielt Fotballskule komiteen som har planlagt og lagt detaljar i mange månader. Instruktørane som stod på heile helga og ofra seg for deltakarane. Foreldre som hjelpte til på vakter. Og faktisk mange andre friviljuge i klubben.

Sponsor takk:  KIWI Stranda, G-Sport Stranda og Tine.

 

Fredag:  ( Storfjord Kulturhus)

- Kino: Istid 3

- Grandiosa pizza med strålande blide damer frå Stabburet som serverte. 160 pizza vart steikt.

-  Quiz: stort engasjement

 

Lørdag:  (Stranda Stadion)

- Treningsøkter: 3 for dei eldste og to for dei yngste. Det var delt inn i 6 grupper med dei eldste og 8 med dei yngste.    Dei aller yngsre hadde også ei økt på Framhus FK si grasbane, der var det lagt inn ei skogaløype med bolar og saft.

- Teori: Berre for dei eldste gruppene

- Grilling

- Konsert: Batteri frå Surnadal. Dei vart nr. 2 i MGP junior.

- Teltet: Gitar Hero og singstar.

 

Søndag:  (Stranda Stadion)

- Turnering: Det store høgdepunktet. Dei eldste spelte 9-er fotball. Dei yngste 5-er. Finalen for dei eldste vart avgjort på straffekonk. Det var jamne kampar.

- Grilling: Denne dagen var det folksomt på anlegget og det er kjempekjekt :)

 

Då er det berre å gle seg til 15-års jubileet i 2010 :)

Skrive av Stranda Fotball, 28.08.2009 16:05
10 siste: