NC: A-sluttspel: Stranda J16 er historisk og klar for klubbens første kvartfinale i Verdens største fotballturnering! Meir dramatisk kunne det ikkje vore, banene var gjørmehøl og regne fossa ned! Kampen mot Kårvåg/Havørn enda mållaust e.e.o. I straffekonken vann Stranda 3-1 og ellevill jubel var eit faktum på Ekeberg bane 4. Mitt største augneblikk på idrettsarenaen sa lagleder Per Tronsen. Stranda Fotball GRATULERER og ser fram til kvartfinalen mot Skjetten fredag kl. 1230 på Hareløkka kunstgrasbane (Bøler)
A-sluttspel: 8.delsfinale –>
J16 (11) klasse R: Stranda - Kårvåg/Havørn 0-0 e.e.o (Golden Goal) 3-1 på straffer.
mÃ¥l: –> straffer
1. Stranda: Marte Slettebak
1. K/H: Bomma (Christina redda)
2. Stranda: Ellen M Hole (skaut over)
2. K/H: Traff
3. Stranda: Maria Berge
3. K/H: Bomma (Christina redda)
4. Stranda: Eline Langlo (bomma skaut i stonga)
4. K/H: Bomma (Christina redda)
5. Stranda: Lena Gjærde –> Matchvinnar med skoring i høgre vinkel!
5. K/H: fekk ikkje skyte, avgjort !
Â
Stranda er klar for klubbens første kvartfinale !! Klubben har tidlegare vore i 4-5 gonger i 8.deslfinalen, men tapt.
Stranda møter Skjetten frå Romerike. Eir robust fysisk lag. Hødd tapte for eit svensk lag og Stranda er einaste laget frå Sunnmøre som er igjen i A-sluttspelet, vel og merke i 11-er fotball.
Kampen vart ein parodi, te på bana var alt jamnt. Sjansefattig fordi ingen av laga klarte å få ballen innanfor sekstenmeteren pga dei ekstreme søylene og gjørma. Hadde kampen gått på ei normal bane så trur vi Stranda hadde spelt ut dette laget, men slik er sjarmen med fotball, alt kan skje.
Ellen Marie Hole bomma på si staffe, men ho var banens beste i fire omganger så det erstatter bommen på ein dag dei allikevel vann straffekonken. Christina Holmberg vart helten med sine tre redninger i konken, godt gjort Christina.
Dette var stort sa Robert Løken, eg veit kor surt det er Ã¥ ryke ut. Vi tapte 8.delsfinalen i 1979 sa han. Per Tronsen sÃ¥g ut som ein “vaskebjørn” etter at han ofra alt bÃ¥de før-under-etter kampen. Gjørme pÃ¥ heile kroppen, til og med pÃ¥ innsidene av brillene, sÃ¥g noko Per ? Det største eg har opplevd pÃ¥ ein idrettsarena sa han med hÃ¥s stemme.
Terje Langlo fauk rundt med gratulasjoner og stadige telefoner hit og dit. Eit rekordoppmøte av Strandarar var tilstades på kampen, vi tippar rundt 100 stk. Fleire av mødrene og andre grein sine tårer i lykkerus etter kampen. Sokneprest i Stranda, Øystein Braaten var i ekstase då døtter Sunniva Braaten tok gjørmebad forran kameraet til Sunnmørsposten :) Kim Vangen gjekk rundt og vrista på haudet i lykkerus.
Sunnmørsposten kjem med heilside i fredagsutgava. NRK Møre og Romsdal (radio) var innom kampen på direkten.
NB! Det er no komt forandring pÃ¥ kampoppsettet! kampen til Stranda er endra til –>
Fredag kl. 1230 på Hareløkka kunstgrasbane og denne ligg på Bøler.