Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Flott første dag av Fotballskulen

Aafk og  Stranda Fotballskule: Nyskapningen av den første Fotballskulen som Aafk og Stranda samarbeider om gjekk etter planen i “sydentemperatur” God atmosfære gjennom ein lang dag gjorde eit godt utgangspunkt for dag 2.

Entusiastiske deltakarar og ivrige instruktørar gjorde at første dag av Fotballskulen gjekk bra.

Eit program med mange tema fylgte dagen frÃ¥ kl. 10.00 - 16.00. Første del var tema ferdigheitsutvikling delt inn i stasjoner. Deltakarane vart delt inn i tre grupper, England, Spania og Italia. Kvart lag hadde ein manager og ein trener. PÃ¥ stasjonane var det ein fagleg “stasjonsmeister”

Mellom øktene så fekk deltakarar og instruktørar ein meget god Lunch frå Spar Svingen Handel. I denne pausa fekk også deltakarane utstyrpakken. Blant anna ei original Aafk drakt.

Andre økta på ettermiddag vart det først ein konkurranse før deltakarne vart trekt i fire lag til dagens høgdepunkt fire-nasjoners turneringa.

PÃ¥ det vinnande laget spelte desse:

Jens Løken, Lars Thomas Håseth, Eirik Kaland, Mathias Mork, Sondre Hasund, Per Inia Brekke, Lars Kristian Hjelseth, Ellen M Hole, William Flisnes Olsen, Vegard Jøsok, Eileen Ranheim Omenås, Andreas Øie

Kvar spelar tek med seg oppsparte poeng frå kvar turnering,  til ein samanlagsvinnar.

Tabellen:

1.     Spania                      3         3-0-0             12-3               9

2.     Italia                         3         2-0-1             8-7                  6

3.     Nederland              3         1-0-2             6-9                  3

4.     England                   3         0-0-3             3-10               0

PÃ¥ ettermiddagen  kom visekaptein i Aafk Amund Skiri til Stranda Stadion. Først gjekk han rundt og snakka og sÃ¥g pÃ¥ spelarane, før han hadde eit engasjert innlegg  til deltakarane. Han snakka om si karriere heilt frÃ¥ han starta som sjuÃ¥ring i Ã…ndalsnes og fram til i dag som 31-Ã¥ring i Tippeligaen. Han hadde mange store utfordringer i sin oppvekst. Han bestemte seg tidleg for at fotball var det viktigaste i livet, det var eit viktig utgangspunkt for trening og haldninger vidare. Han sa at mykje trening og trivsel var eit “must”

Før dag to (tirsdag) så ser det ut til at temperaturen vil gå litt ned, faktisk til fordel deltakarane.

Peter Orry Larsen og Jonathan Parr kjem til fotballskulen tirsdag. Det gleder vi oss til :)

 

Vi ønsker velkommen og lykke til tirsdag :)

Skrive av Stranda Fotball, 29.06.2009 20:47
10 siste: