“Nye” Stranda Stadion tek form: For dei som er innom Stranda Stadion i desse dagar sÃ¥ kan ein sjÃ¥ store forandringer frÃ¥ dag til dag. Siste dagane har toppdekket og asfaltlegging pÃ¥ løpebana stÃ¥tt i fokus. I tillegg kan ein sjÃ¥ konturane av det nye gjerdet som skal kranse rundt Stadion. Det nærmar seg start pÃ¥ innbytterbur og røysing av kiosk/lager bygget pÃ¥ gamle bana.
Prosjektgruppa har satt igang dugnader nesten kvar dag i vekestid. Enkelte dagar har det vore fleire ulike dugnadstyper. For dei som set på utsida så er det vanvittig mange detaljer som til ei kvar tid må vurderast-besluttast.
No kan ein sjå konturane av korleis løpebana vert sjåandest ut. Men først vert det ein ny lang dag med asfaltlegging på torsdag. Fredag er det meininga at eit dugnadsteam skal legge aluminiumslista som skal skille kuntsgrasdekket og tartandekket. For å kunne legge tartandekke så er ein avhengig av svært bra ver. Planen er at dette skal gjerast i veke 28, altså veka etter fotballskulen som vert arrangert ilag med Aafk.
I fleire veker så har det vore kjempa med dugnader for å få opp betongmurane rundt bana. Desse er no fulført ilag med ein spesialramme som dannar hoppegropa (friidrett) Siste dagane har gjerdet rundt stadion vorte starta på. Dette vert kjempespennande å følge med etterkvart som det tek form, berre vent å sjå :)
Konstruksjonen på innbyttarbura er starks klar til å starte på. Også gapahuken mellom banene står for tur. Så er plata og natursteinmuren rundt den nye kiosk/lager bygget ferdig. No er det røysverket som skal starte opp. Så vert det vidare med detaljer før ein kan starte planlegginga av den offisielle opninga :) Men det er fortsatt eit stykke fram i tid.
Håper folk fortsatt er like positive til å verte kalla inn på dugnad på kort varsel.