Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Møter Åram/Vankam på Stranda Stadion torsdag

4.divisjon herrer: Stranda møter Åram/Vankam (ÅVK) på Stranda Stadion torsdag kl. 1900 Stranda topper divisjonen etter seks runder. Fire kampar vert spelt på torsdag. Sunnylven skal til Ørsta fredag.

Fakta:

Stranda topper divisjonen med 13 poeng (4-1-1) og målskilnad 18-8. Bortelaget har seks poeng (2-1-3) og målskilnad 12-15

I 2008 vann Stranda 4-1 i tilsvarande kamp. 2007 kampen enda med 4-2 siger. I 2006 vart det 5-1 i kampen som var den første offisielle seniorkampen på nylagt kunstgrasdekke. Vi har langt dystrare statistikk på bortebane mot dette laget. ÅVK er det laget som varierer mest frå heime til bortebane i divisjonen siste sesongane.

Stranda har mange å plukke i til denne troppen, men også mange usikre! Kaptein Endre Kjølås må uansett stå over med karantene (3 gule) Vert Mario Strecky klar etter skaden?

6.serierunde:

Åmdal - Hovdebygda  4-1

Stranda - ÅVK  1900

Bergsøy - FK Sykkylven  1900

Vartdal - Ørskog  1830

Blindheim - Vigra  1830

Ørsta - Sunnylven  (fre)

Skrive av Stranda Fotball, 27.05.2009 22:56

Kommentarar

1 kommentar til denne saka:

  • Martin says:

    Eg vil poengtere at den første, offisielle seniorkampen slett ikkje var mot Åram/Van.kam. Opningskampen (første seriekamp spelt på det nye dekket) var ein kamp for Stranda 2, der Håkon-Mikal Dalen.

    At redaksjonen prøvar (stadig) å hevde noko anna, får vere deira ansvar.

  • 10 siste: