Weekendtur Bergen: Stranda sitt A-lag herrer reiser til Bergen fredag 27.mars. Loddefjord og Gneist ventar i treningskampar. I tillegg vert det eit allsidig program heile helga.
Troppen vert i Bergen frå fredag til søndag.
Atle Løvoll og Eldar Vangen (sjåfører) startar frå kaia fredag kl.0700
Oppmann i Team A-lag Kari Mette Vangen har planlagt det praktiske til turen. Vi takkar Joakim Sørå som har organisert kampane for Stranda. I tilegg vert Oddvar Kjølås og Ole Magnar Kjølås med i oppmannapparatet. Trenarane Thomas Roset og Bjarne Johansen er med. Også B-lag ansvarlege Frode Rusten og Jan Magne Leirmo er i troppane.
17 spelarar frå A-stallen og 9 frå B-stallen er med.
Fredag kl. 1900 spelar Stranda mot Loddefjord
Lørdag kl. 1200 ventar Gneist på motsatt side. Det er meininga at Stranda toppar laget fredag og slipper til dei andre lørdag.
Det vert både bowling og bankettmiddag iløpet av opphaldet.
Vi ønsker troppane lykke til i Bergen. Vi tippar at alle studentane (dei er det mange av) frå Stranda dukkar opp der nede.