Treningskamp: Stranda 2-Skodje 5-4 (2-1) Svært sterk kamp av Stranda 2 som i denne kampen møtte gode Skodje.
Â
Skodje var nok det laget som sett kampn under eit hadde flest sjansar og minst flaks. For ein gong skuld så hadde Stranda 2 god utteljing og ikkje minst stod laget i 90 minutt på imponerande nivå.
Stranda 2 stilte eit godt B-lag denne gongen. Seniorar frå A-stallen var Espen Hove, Håkon Mikal Dalen og Gregor Belt. Belt er nyleg speleklar frå Polen. I tillegg skal Thomas Roset spele så mange kampar som han får til iht A-lagets aktivitet. Utanom desse var det reine B-lag spelarar og juniorar. Keeper Henrik Bjørdal imponerte oss også denne gongen. Enorm framgang sidan han gjorde comeback i fjor.
Skodje hadde fleire glimrande spelarar og BØR kjempe om dei to ledige kvalifiseringsplassane i 5.divisjon. Bjørnar Aure er tilbake i drakta til moderklubben sin. Men klart best på dette laget denne gongen var Eirik Nesset Hjelvik. Dei har Joakim Erstad som bauta i forsvar og fleire kvikke spelarar i alle ledd. Også Eivind Erstad var god.
Målskårar Stranda: Espen Hove, Bjørnar Hole, Håkon Mikal Dalen, Espen Hove, Håkon Mikal Dalen.
Stranda:
1. Henrik Bjørdal
2. Jan Magne Leirmo
3. Nicklas Døving Veiberg
4. Thomas Roset
5. Gregor Belt
6. Bjørnar Hole
7. HÃ¥kon M. Dalen
8. Espen Hove
9. Frode Rusten
10. Leidulf Ã…rvik
11. Are Habostad
Â
12. Medalja Hodzic
13. Edin Salihovic
14. Sander Belsby
15. Elling Ola Kirkhorn
Â
Poeng:
3 p: Frode Rusten
2 p:
1 p: Thomas Roset, Håkon M Dalen, Henrik Bjørdal
Frode Rusten spelte sin beste kamp på fleire sesongar. Stor løpskraft, ja i 90 minutt! I år vil det verte delt ut seks poeng til saman i kampar. Ikkje nødvendigvis 3-2-1 skala.
Kanon kara! Ser bra ut før helga! :)