Vil berre leggje ut ein beskjed om dette er langt i frå det ferdige produktet. Har fått fleire telefoner og meldinger om dette er den endelige layouten, dette er berre ein layout som vi bruker litt framover for at vi skal kunne oppdatere alle sider og begynne å jobbe med sida. Den endelige lay-outen er ikkje bestemt. Forhåpentligvis er denne bestemt i løpet av kort tid. Vi jobber kontinuerlig med gode løysninger for sida. Men vi må sjølvsagt gå gjennom fotballstyret for å få det meste godkjent, så vi håper at alle har tolmod med arbeidet vårt. Det er ikkje ein jobb som er gjort på 1-2-3.
StrandaFotball si heimeside ligg sjølvsagt i “favoritter”, og eg er innom sida ofte. All ære til dykk som held sida oppdatert.
Eg håper det ferdige produktet vil vere på NORSK, og då helst på nynorsk.
Lykke til vidare med jobben!