Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Vert Stranda Stadion Noregs flottaste?

Stranda Stadion: Anleggsarbeidet er igang for fult på Stranda Stadion. Fasilitetane eller infrastrukturen skal få eit enormt løft dei neste månadane. Tartandekke rundt heile hovudbana, natursteinsmurar, nye gjerder for reklame, porter, innbyttarbur, NY kiosk (toalett og lager) ved gamle kgb og fleire detaljer skal på plass. Vert dette Noregs flottaste anlegg spør vi? Fleire meiner dette før opprustninga! Vi går ein spennande periode i vente. Hovudentreprenør Opshaug har vore i full sving heile veka :)


Stranda Stadion var Sunnmøres eldste grasbane. Historia er slik: –>

2000: Dagen etter kampen mot Molde 2 (1-2, Hulsker og Mork) 16.juni starta rehabilitering av Stranda Stadion sitt grasteppe. Det var heilt øydelagt etter vårsesongen. 22.juli kom Rosenborg 2 (2-0, Årvik og K.Hjelle) på besøk til eit fantastisk grasdekke.
2002: 1.mai vert gamle treningsfeltet opna med nytt kunstgrasdekke.
2006: I August i heimekampen mot Ã…VK (4-1) vert Stranda Stadion innvia med kunstgrasdekke.
2009: Januar starta arbeidet med å oppruste heile Stranda Stadion.
Kor langt har arbeidet komt når Ørsta kjem torsdag 16.april ?

Vert dette Noregs flottaste anlegg ? Ingen tvil utan samanlikning med klubbane som har komplette tribuneanlegg vel og merke!
Med beliggenheita, den naturlege kombinasjonen med byggverk og natur hand i hand. Turistskipa som glir forbi stadion og Nordens mest ekstreme Alpinløyper i bakgrunnen så er nok dette noko ingen kan skilte med :)

Tida framover vil vi kunne sjÃ¥ konturane av : –>
- Løpebane med tartandekke.
- Ny lengdegrop (tartan)
- Innbyttarbur.
- Natursteinmur mot tribune.
- Ny drenering rundt bana med innlagt vannuttak.
- Nye gjerder for reklame.
- Tre nye porter (ein hovudport ved klubbhus)
- Sykkelstativ.
- Ny kiosk og lager ved gamle kgb. (kjøkken, kiosk, toalett, boder, lager)
- Rehabilitering to av fire garderober.

Webmaster Hove vil legge inn nokre bilder på denne saka snarast.

Eit bilde sett frå gamle KGB mot klubbhuset.

anlegg3

Skrive av Ronny Ødegård, 21.01.2009 23:30
10 siste: