Stranda Stadion: Nils Espelund er på plass som anleggsjef for Stranda Stadion. Dette gleder fotballmiljøet då Espelund er fagleg dyktig og ein mann tett i miljøet.
Nils Espelund takka av som hovudoppmann for A-lag herrer etter tre år (2006-2008) I tillegg har han vore medlem av bane/anleggskomiteen i mange år.
For 2009 kjem han inn som anleggsjef og vil vente ei spennande tid med ferdigstillu\ing av heile Stranda Stadion iløpet av det første halvåret.
Vi kjem med eiga sak om dette iløpet av veka.
Det skal settast ein komite med fleire medlemmer snarast.
Espelund vert leder for denne gjengen. I tillegg vert koordinerings ansvarleg for trening -og kamp aktivitet ein eigen person.
I hovudsak er det vedlikehald av dei to banene med kunstgras som er 1.prioritet. Men enkelte andre områder vert også viktig.
Det skal lagast ein strukturplan.
Det ventast at Stranda Stadion vil kunne eksplodere med aktivitet også på dagtid når våren kjem og eit fantastisk tartandekke kjem på plass.
Så møte med skular og barnehagar vert også eit tema iløpet av kjort tid.
Meir rundt bane og anlegg kjem seinare.