Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Keepersatsinga i klubben vert slik

Keepersatsinga: Keepersatsinga i klubben vert slik for 2009: Harry Hovde og Preben Bjørdal får hovudansvaret for keeparane 12 år –> senior. Thomas Hove sine ressurser får vi bruke innimellom.


A-lag herrer:
Thomas Hove trappar ned pga skiftjobbing. Han vert truleg å sjå på enkelte treninger. Hove har vore keeper på Stranda sidan 1998, då han debuterte på bortebane mot VRF med ein kanonkamp.
Målsetjinga er at vi kan benytte ressursen til Hove inn mot yngre keeparar klubben i 2009.

Preben Bjørdal tek på seg hanskane igjen og kombinerer keepertrenerjobben med å få eit viktig ansvar for unge Jarl Ringstad Krohn (16). Bjørdal har vore ein fantastisk keeper i mange år og han har nok dette latent i kroppen fortsatt.

Jarl Ringstad Krohn vert ein av satsingskeeparane i klubben. Han vil vere aktuell både mot senior og junior.

Keepergruppa:
Harry Hovde som er Stranda sin keeper motivator nr.1! , vil fortsatt ta seg av dei potensielle keeparane i ungdomsklassene som kan verte gode.
Harry har hatt eit opplegg inn mot dei fleste keeparane i Stranda sidan 1992.
Keeparane vi snakkar om i denne gruppa er 12 - 16 (17) år.
Denne gruppa vil ha enkelte treninger kvar månad i januar-februar og mars i den første planen.

I tillegg er målsetjinga at keepar instruktørane skal få besøke ulike årsklasser iløpet av året.

Mvh.
Sportsleg utvalg

Skrive av Ronny Ødegård, 31.12.2008 13:34
10 siste: