Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Bjørnar Aure styrkar Stranda!

A-lag herrer: Bjørnar Aure (20) frå Skodje er tilbake på Stranda! Dette styrker stallen sv&aellig;rt mykje til 2009. Han får tildelt drakt nr. 7 og vert speleklar til sluttspelet i Inne-KM (RPC) neste helg. Vi ønsker Bjørnar velkommen tilbake på Stranda :)


Bjørnar Aure spelte for Stranda vårsesongen 2007. Hausten 2007 meldte han overgang til moderklubben Skodje. Då var han ferdig med tre år på Vestborg og han ville prøve å hjelpe Skodje for nedrykk til 6.divisjon, men dei fekk plassen i 5.divisjon allikavel.

I 2008 klarte Skodje nesten opprykk til 4.divisjon.
Siste tida har han vore sv&aellig;rt usikker på kva klubb han skulle spele for i 2009.
Norborg og Brattvåg har kontakta Aure fleire gongar om spel for deira klubba.
Samtidig har Aure vore usikker på korleis han skal ta nye steg i eigen klubb Skodje. Og tida på Stranda står igjen som ein stor opplevelse då han spelte halve sesongen 2007. Eit trygt miljø med mange flotte mennesker kan Aure legge fram. I tillegg ein seriøs klubb med historie og framtidshåp.

Etter spelarsamtaler forrige veke og litt tenking så leverte Aure papira som gjer han til Strandaspelar allerede til helga der Stranda skal spele sluttspel i Giskehallen på Valderøy.

Bjarne Johansen kjenner Aure som spelar frå sin tilskodarplass i 2007 og var mektig imponert over Aure sitt reportuar på fotballbana.

Bjørnar Aure fekk tildelt drakt nr. 7 på trening i Strandahallen søndag
Stranda sin stall er no så å seie komplett og ferdig komponert. Nokre detaljer står fortsatt igjen.

Vi ønsker Bjørnar Aure velkommen tilbake til Stranda :)

Skrive av Ronny Ødegård, 30.11.2008 23:06
10 siste: