Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Tapte for gode Herd

4.divisjon herrer: Herd-Stranda 3-1 (3-0) Stranda tapte fortjent mot eit godt heimelag torsdag. Herd var sv&aellig;rt gode i 1.omgang på Herdbana og Stranda hadde store vanskar med å henge med. Men i 2.omgang var Stranda hakket sterkare enn Herd og kunna laga n&aellig;rvar på slutten!


Status før kamp:
Stranda hadde to poeng margin på Herd. Begge lag har vore ustabile i haustsesongen.

Herd sv&aellig;rt gode:
Laget frå Moa spelte flott fotball i første omgang. Dei var ikkje berre gode på å spele ballen, men denne gongen varierte dei med presise lange pasninger. Dei hadde flire som var gode på hodet. I duellspelet er dei fornuftige og lure. Derfor framstod laget glimrande den første omgangen.

Stranda på h&aellig;lane:
Heile første omgang var Stranda på h&aellig;lane og leverte ei flau forestilling.
Med noko flaks kunne Stranda ha skora på dei tre enorme sjansane dei hadde i denne omgangen. Og at det vart demma opp for dei to måla som kom siste to minutta før pause.

Kva reglar skal vi rette oss etter?
Midtvegs i første omgang ser dommer Aam at ein Herd spelar har eit kraftig “sydensmykke” rundt halsen og gir han beskjed om å ta dette av. Det vert ikkje gult kort etter at fleire spørde om ikkje dette var praksis. Eg leitar ikkje etter slike episoder sa Aam. Men kva når dommer i tillegg stopper kampen for at spelar ikkje får av seg smykke og må ha hjelp av trenar for å få dette av! 21 spelarar venta på at dette skulle ordne seg, men ikkje gult kort!
Dette vert ikkje rettferdig når nokon får karantene for å ha smykke på bana under innmarsjen, medan andre kan stoppe kampen osv…
Vi er einige med Aam om at det er kjempebra og ikkje henge seg opp i alle slike episoder, men det vert feil når ein tilfeldig anna dommer praksiserer det. Då vert advarsler og karantener også tilfeldig og vidare kan dette gå ut over utfallet av tabellen.

Hove på sjukehus:
Keeper Thomas Hove var god så lenge det varte. Han stod i tillegg med influensa. Etter 75 minutt vert han stygt utsatt for ein fot i haudet. Dette resulterer i hjernerystelse etter sjukehus besøk. Thomas er no oppegåande igjen,men må nok ta det roleg ei stund. Vi ønsker Thomas god bedring.
Keepertrener i Herd tok kontakt med Stranda og ønskte også god bedring, flott gjort :)

Stranda spelte jamnt i andre omgang:
Andre omgang var ikkje noko god omgang, men Stranda var fult på høgde med Herd og var kanskje eit hakk bedre. Innsatsen var fleire hakk bedre enn første omgang. På slutten når Furset reduserte kunna det fort komt ei ny redusering og laga kaos for heimelaget. Furset var nemleg aline med keeper to gonger, noko også Kato Vangen var. Men Herd hadde like store sjanser, så denne statistikken vert likt fordelt 5-5 i store sjanser. Herd er bedre i mykje og vinn heilt fortjent denne kampen.

Kveldslys:
Det er truleg ikkje gunstig og forsvarleg og spele seriekamper slik lyset var i andre omgang? Fordi flomlyset på Herdbana ikkje er godt nok slik det er no!
Heller ikkje lett for rutinerte ringrever som dommer Aam og dømme prikkfritt i eit slikt skyggelys. Men altså likt for alle partar.

20.serierunde:
Herd-Stranda 3-1
Bergsøy-HaNo
Norborg-Ørsta
ÅVK-Ørskog
GuLa-Vartdal
Vigra-Sunnylven

Måla:
1-0: Andreas Ulvestad, 03 min.
2-0: Harald Vegsund, 43 min.
3-0: Tore Standal, 45 min.
3-1: Ronnie Furset, 80 min.

Laget:
1. Thomas Hove, 75
2. Erlend Langelo, 90
3. Kim Vangen, 90
4. Endre Kjølås, 90
5. Thomas Roset, 90
6. Stig Tore Lied, 90
7. Kent Runar Vad, 90
8. Christian Malmo, 45
9. Kato Vangen, 90
10. Martin Espelund, 90
11. Ronnie Furset, 90

12. Lars Erik Opsvik, 15
14. Steffen Lilleås
15. Håkon M Dalen
15. Gunnar Espelund
16. Anders A Sve, 45
17. Iver R Krohn
18. Bjørnar Hole

Tabell:
Kjem lørdag etter at dei andre kampane er ferdigspelt.

Dommer: Oddbjørn Aam. 4 p.
Trio: Dag Harald Moldskred og Morten A Stokke

Gule kort: Ingen

Poeng:
3 p: Ingen
2 p: Thomas Hove og Stig Tore Lied
1 p: Ronnie Furset og Kent Runar Vad (belønna for enorm innsats)

Herd sine tre beste:
3 p: Dan Peter Ulvestad
2 p: Tore Standal
1 p: Hagen

21.serierunde: Vartdal-Stranda lørdag 04.oktober kl. 1500

Skrive av Ronny Ødegård, 25.09.2008 23:28
10 siste: