4.divisjon herrer: Stranda-Bergsøy 2-1 (2-0) Stranda vann toppkampen mot Bergsøy lørdag. Kampen var eit nervedrama deluxe! Stranda hadde flest sjanser og bortelaget hadde ballen mest gjennom heile kampen.
Kampen:
Før kampen:
Bergsøy levde i positivitetens verden før kampen. dei har fått fleire nye sjanser til å ta inn på teten etter å ha vore fleire poeng bak for nokre kampar sidan. Stranda har gått den andre vegen og tapt terreng siste kampane (to tap)
Bergsøy kom med ein stor og sterk tropp og var på Stranda Stadion 1 time og 40 minutt før kampstart. Dei brukte lang tid på å studere stadion og kunstgrasteppet. Og hovudtrener Tom Beddary kom med mørke solbriller. Noko som han hadde alt på sitt tørre i det flotte solskinnet.
Stranda hadde mannskapet i gang på stadion fleire timar før kampstart og alt låg til rette for spelarane på ein alle tiders kampdag.
Mange ute på heimelaget:
Martin Espelund, Kristian Smoge, Stig Tore Lied, Steffen Lilleås og Espen Hove var alle ute med skader/sjukdom. Dette gjorde eit utfall med fleire rokkeringer i laget.
N&aellig;rvekamp:
Kampen var full av n&aellig;rvar, noko som kampbildet sei litt om. Det har vore spelt meir planmessige kampar tidlegare på heimebane. Men dette måtte vere kampen som alle fekk sveittebrøt og hjarteklapp av, for du kunne aldri vere trygg på noke i denne kampen.
Stor stemning:
Utover i kampen så vart publikum meir og meir synleg på stadion. Supportarar til begge lag skapte stor stemning utover andre omgang. Noko som spelarane rosa etter kampen. Det er kjekt på stadion på slike dagar når heimelaget tek det lengste strået til slutt.
Bergsøy best i gong:
Bortelaget starta kampen med å ha ballen mest og brukte Rune Frantzen mykje i ballfordelinga, etterkvart som Stranda fekk finne uta av ballbesittelsen til Bergsøy så kom heimelaget meir med.
Furset med to mål på to minutt!
Ronnie Furset var ikkje så veldig mykje med i kampen før han dukka opp etter god corner frå Langelo og putta ballen over streken. Rett etter dette så hadde han eit soloraid (krangla seg fri) som han fekk skote frå tjue meter, ballen traff ein forsvarar slik at ballen fekk rette buen over keeper og i mål. Ein fantastisk start av Stranda, kanksje litt mot spelets gang.
Tonny Åsen tilbake:
Tonny var tilbake og spelte sin første kamp for året. Han har trena godt i det siste og derfor var det duka for årsdebut for rutinerte Åsen. Han hadde ein kanonsjanse på stillinga 0-0 som han dundra på volley, men Sandanger i målet redda meisterleg.
Nesten drømmestart på andre omgang:
Stranda skulle lede 3-0 rett etter pause, men dette ville ikkje assistentdommer!
Dødballen som Vad slo inn vart headda i lengste hjørne, men assistenten annulerte for offside. Dette var ein GROV feil slik alle oppfatta situasjonen!
I tillegg vart det to mindre sjanser rett etter denne annulleringa.
Bergsøy utlikner:
Bergsøy utlikner direkte etter at Stranda har foretatt to bytter og skulle legge litt om prioriteringane, ugunstig tidspunkt kan vi seie, men samla sett fortjent Bergsøy mål.
Dramatikk til tusen siste halvtimen!
Bergsøy fortsette og vere flinkast med ballen siste halvdel av omgangen, men utan å skape for mykje. Det meste kom etter innlegg frå sidene (spesielt høgre)
Stranda hadde gode midtstopparar og ein god keeper ved desse innlegga. Dei fleste hadde nok hjarte i halsen ved desse situasjonane, men spelarane hadde bedre kontroll enn det kunne sjå ut til frå sidelinja.
Bergsøy trykte på og hadde eit mål i lufta. Kva med kontringane til Stranda, heile fem gonger var Stranda aleine med Sandanger siste femten minutta og kunna/BURDE avgjort kampen. Fredrik A Sve og Håkon Mikal Dalen hadde to kvar og Kato Vangen ein megasjanse.
Fem minutt tillegg!
Verdens lengste fem minutt som aldri tok slutt! Oppmann Ole Magnar Kjølås har vore med på mykje, men dette tok akka sa han etter kampen heilt skjelven. Og skjelven var nok mange som var i sluttfasen. Så bles dommer av kampen og Stranda kunne juble så lenge dei orka, for denne sigeren var viktig.
Noko ufortjent meinte nok Bergsøy sine skuffa ledarar. Kanskje hadde dei rett? Skal vi gå etter ballbesittelse og stil, men ikkje etter sjansestatistikken.
19.serierunde:
Sunnylven-Norborg 3-2
Stranda-Bergsøy 2-1
Ørskog-GuLa 6-0
HaNo-Vigra 1-2
Vartdal-Herd 0-3
Ørsta-ÅVK 3-4
Tabell:
1. Stranda 19 8 1 1 37-15 4 2 3 25-15 12 3 4 62-30 39
2. Norborg 19 7 2 0 40-11 4 3 3 22-21 11 5 3 62-32 38
3. Herd 19 5 1 3 27-12 7 0 3 26-15 12 1 6 53-27 37
4. Bergsøy 19 6 1 2 30-16 5 1 4 17-19 11 2 6 47-35 35
5. Ørsta 19 4 2 4 26-16 5 2 2 34-19 9 4 6 60-35 30
6. Ørskog 19 5 1 4 26-23 3 2 4 15-23 8 3 8 41-46 27
7. Sunnylven 19 5 2 3 20-13 1 5 3 15-13 6 7 6 35-26 25
8. Vigra 19 3 3 3 19-22 3 0 7 14-30 6 3 10 33-52 21
9. Åram/Vankam 19 3 1 5 19-18 3 1 6 18-29 6 2 11 37-47 20
10. HaNo 19 3 3 4 19-24 2 1 6 13-32 5 4 10 32-56 19
11. Vartdal 19 4 0 6 21-28 2 1 6 9-28 6 1 12 30-56 19
12. Gursken/Larsnes 19 2 2 5 10-19 1 1 8 9-50 3 3 13 19-69 12
Måla:
1-0: Ronnie Furset, 24 min.
2-0: Ronnie Furset, 25 min.
2-1: Joakim Bendal, 56 min.
Laget:
1. Thomas Hove, 90
2. Erlend Langelo, 90
3. Kim Vangen, 90
4. Endre Kjølås, 90
5. Anders Astad Sve, 90
6. Thomas Roset, 90
7. Kent Runar Vad, 90
8. Christian Malmo, 75
9. Kato Vangen, 75
10. Tonny Åsen, 55
11. Ronnie Furset, 65
12. Lars Erik Opsvik
14. Steffen Lilleås
15. Håkon M Dalen, 35
15. Gunnar Espelund, 05
16. Fredrik A Sve, 35
17. Iver R Krohn, 15
18. Bjørnar Hole
Dommer: Jan Lund, Blindheim. 7 p.
Trio: Arild Steinsbu og Odd Arne Svindseth
Gule kort: Ingen
Poeng:
3 p: Kent Runar Vad
2 p: Thomas Hove
1 p: Kim Vangen
Endre Kjølås hadde ein taktisk sterk kamp i midtforsvaret. Og unggutta Erlend Langelo og Anders A Sve spelte ein godt gjennomført kamp på kvar sin back.
Bergsøy sine tre beste:
3 p: Frank Sverre Skorpen (taktisk flink både med og utan ball)
2 p: Toni Sandanger (redda alle Stranda sine sjanser aleine med han)
1 p: Thomas S&aellig;tre Hauge (uromoment som var god med ball og var farleg)
20.serierunde: Herd-Stranda torsdag 26.september kl. 1830
G16 2.divisjon:
Stranda Stadion. fredag 19.sep. kl. 1830
Stranda - Aksla 10-1 (6-0)
Dommer: Eirik Stenberg, Sunnylven. God.
Mål:
Fredrik A Sve 4
Elling Ola Kirkhorn 3
Sander Belsby 1
Jarl R Krohn 1 (!) keeper som kom inn siste 7-8 minutt som spiss.
Anders A Sve 1
Stranda vann kampen med store siffer. I perioder sv&aellig;rt bra spel.
Etter denne sigeren så har Stranda alle mulegheiter til å verte avdelingsvinnarar :) Men først skal laget gjennomføre sine to siste kampar mot Valder heime og Herd 2 borte.
Brødrene Sve spelte i overkant ein omgang sidan dei var aktuelle i den viktige seniorkampen dagen etter (lør) mot Bergsøy. Anders vart sendt rett inn frå start i toppkampen og spelte 90 minutt.
J16 med stortap borte!
Ørsta/Åmdal/S&aellig;bø - Stranda 6-0 (2-0)
Stranda har fleire spelarar ute med skader. Nokre var på reise og i tillegg vart ingen spelarar frå J14 benytta. Då vart dette for tynt denne gongen.
G19 kamp mandag borte mot Aksla.
Stranda møter Aksla på Ratvika kunstgras mandag 22.sep kl. 1830