Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
ENDELEG SIGER!!!

3.div kvinner: Endeleg fekk Stranda sin første siger i årets sesong. Og når det først vart siger, vart det mange mål. Stranda vann fortent 4-0 mot Hødd på Mona onsdag kveld.


Stranda sine 16 spelarar jobba hardt og godt i 96(!) minutt for å få gå heim med alle poenga. Kaptein Aud Karin opna målrekka etter ca 20 minutt ut i første omgong då ho skåra på frispark 30 meter frå mål, hardt og høgt over Høddkeeperen. Aud Karin spelte elles solid på midtstopparplass og hadde god styring på strandalaget.
Raske Hilde var endeleg tilbake i kamp etter ferien. Jo pressa høddforsvaret hardt fleire gonger, og etter ca 30 minutt fekk ho løn for strevet; keeper klarerte rett i beina på Hilde og ballen trilla i mål.

I pausen var Strandaspelarane klare på ein ting: alle skulle jobbe knallhardt, for no var det mogleg å få ein siger.
Som sagt vart gjort. Strandajentene jobba sv&aellig;rt disiplinerte og slepte aldri Hødd veldig n&aellig;r noko utligning. Mot slutten av kampen vart Liv Hilde spelt fint gjennom av Christina, og fekk skåre i sin siste kamp før ho reiser på USA-studiar. På overtid ville Marte Lundanes vere med på skåringslista og sette eit flott skudd i lengste hjørnet. Endeleg torde du!!!

Debut på Stranda:
Stranda stod brått utan keeper i haust når Anna Lina vart nøydd til å operere kneet. Då var det bra at Elise Skjortnes bestemte seg for å melde overgang frå Sunnylven i andre del av sesongen. Elise er eigentleg Strandar og har spelt for Stranda for mange år sidan. Elise hadde lite å gjere i sin debut eller comeback.., men stod trygt og godt mellom stengene. Velkomen i klubben!

Laget:
Elise
Aud Karin
Linda
Kristine
Renate
Marte L
Marte S
Ellen
Eline
Susann
Liv Hilde
Hilde
Caroline
Maria
Lise
Christina

Mange var gode i denne kampen, men 4 spelarar var ekstra gode:
3 p: Aud Karin
2p: Linda
1p: Hilde og Christina

Skrive av Hilderun Søholt, 27.08.2008 21:48
10 siste: