4.divisjon herrer: Stranda møter Gursken/Larsnes på Stranda Stadion i kveld (fredag) kl. 1900. Samtidig startar den store fotballskulen. Så denne helga håper vi på ei fin opptakt med siger i kveld og ei fantastisk helg med fotballskulen resten av helga. Håper mange finn vegen til Mona :)
Vi PRESISERER at kampen går fredag 22.august kl. 1900. Annonsa i Sunnmøringen vart feil!
15.serierunde:
Bergsøy-Norborg 8-2 (5-0)
Vartdal-Vigra 1-2 (1-2)
HaNo-Ørskog 2-4 (2-2)
Herd-ÅVK 4-1
Sunnylven-Ørsta 1-1 (0-0)
Stranda-GuLa (fre)
Bergsøy knuste Norborg i toppkampen og er med for fult om opprykk! Norborg og Bergsøy har 29 poeng, eit bak Stranda som har ein kamp mindre spelt. Herd har fire meir enn Stranda med ein kamp meir spelt.
Ørsta er heilt ute av opprykkstriden med berre eit poeng på Hellesylt.
Heimelaget:
Stiller nok ein gong ein sterk tropp som har sjølvtilitt og trua på tre poeng.
Kim Vangen har karantene. Stig Tore Lied har flytt til Oslo pga skulegang.
Fredrik Fausa er ikkje restituert ennå. Håkon Mikal Dalen trener med B-laget.
Gursken/Larsnes:
Eit lag som sleit skikkeleg før ferien, men som har imponert etter ferien. Vann mot Bergsøy og tapte knepent mot Herd. Har ein mann med karantene, C.Rekdal.
Fotballskulen:
Dei rundt 320 deltakarane møter opp på Storfjord Kulturhus fredag.
Vidare vert det eit rikfaldig og spennande program heile helga.
OPPMØTER:
Fredag 22.august: Storfjord Kulturhus
Instruktørar: 1630
Deltakarar: 1700