Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
NC J16: 16.delsfinale: Stranda-Vind 1-3

NC J16: 16.delsfinale: Stranda-Vind 1-3 (0-2) Stranda sitt eventyr på Norway-Cup er over for denne gongen også. Og hevde seg langt i sluttspelet i 11-er fotball er sv&aellig;rt vanskeleg, det er her alle dei beste laga stiller. Men tilbake ser både jentene og gutane våre på ei stor veke med mange positive inntrykk. Oppsummering kjem i helga.


Stranda tapte kampen mot Vind 3-1 og er ute av Norway-Cup for denne gongen.
Sunniva Braaten skora Stranda sitt mål.

No kan laget konsentrere seg om ein spennande og hektisk haustsesong. mange skal både spele J16 og senior damer utover hausten. Noko som bør vere sv&aellig;rt inspirerandes for alle.

Lokaloppgjer:
På onsdag venter lokaloppgjer på heimebane mot Sunnylven i 3.divisjon damer.
Stranda Stadion kl. 1830.

Desse J16 laga spelte 16.delsfinalen frå Nordvestlandet:

FK Sykkylven-Kwara de Jaiz 0-3
Stranda-Vind 1-3
Eid-Fusa 1-0
Kopervik-Tr&aellig;ff 1-0
Sunndal-Flekkefjord 2-0

Då er det Eid og Sunndal som er med vidare.

Skrive av Ronny Ødegård, 31.07.2008 01:13
10 siste: