NC G16: 32.delsfinale: FK Sykkylven-Stranda 4-2 (3-1) Våre naboer vann fortjent, men det var lenge spenning. Stranda sine gutar har opplevd mykje denne veka og ønsker FKS lykke til vidare :)
Anders Astad Sve utlikna på straffer i første omgang, men laget frå Sykkylven kunne fortjent gå til pause med 3-1. Dei vann fortjent til slutt også, men Stranda trykte på slutten.
Kasper Koppang skora Stranda sitt andre mål.
For FKS skora Eirik kampenes, Kenneth Karlsen 2 og Martin Liset Pedersen.
No kan gutane bruke tid på alt anna i Oslo. Og ikkje minst heie fram jentene i sin kamp mot Vind torsdag.
16.delsfinale G16: torsdag kl. 1420:
FK Sykkylven-Hald (Sotra)
Hødd-Oppsal
Eid-Abildsø/MS
Kjem med ei oppsummering frå Norway-Cup når alt er ferdig.