Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Kjøp Dagbladet onsdag!

Dagbladet: Det vert stor reportasje om Stranda G16 i Dagbladet onsdag. Både Stranda sitt G16 og J16 lag fekk sponsa middag på Ekeberg Restauranten tirsdag. Strandar Bjørn Tore Furset er som det fleste veit drivar av Oslo sin mest kjente restaurant. Begge laga fekk WO i første A-sluttspel kamp og er direkte kvalifisert for andre runden.


Dagbladet onsdag:
Kjøp avisa før den vert utsolgt!
Det vert minst ei heilside reportasje frå Stranda leiren.
Håvard Lysberg Raknes som fekk heilomvending på livet sitt i mars, tok “avspark” i G16 kampen mot Sand tirsdag. Håvard vart lamma frå brystet og ned etter ei skiulykke i mars dette året. Håvard var ein av mange lovande på dette G16 laget, men har no fire månader seinare komt seg til Oslo som ein av gutta.
Dette er ein optimal opplevelelse for heile den samansveisa gjengen når alle er med å bidreg på sin måte :)
Eit fantastisk opplegg frå spelarar og apparat rundt laget har skapt ei enorm positiv ramme så langt i Norway-Cup.

Leidulf (Årvik) trener G16, kjenner godt Bjørn Tore Furset som driv fleire av Oslo sine hottaste restauranter. Furset iniviterte heile gjengen frå G16 og J16 til gratis pizza og brus på Ekeberg Restauranten tirsdag. Stor takk til Furset :)
Furset er forøvrig søskenbarn med Frode Verpeide (lagleder J16)

A-sluttspelet: Begge lag fekk WO i første runde.
J16: Møter vinnar av Alta-Vind torsdag kl. 1020.

G16: Møter vinnar av FK Sykkylven-Ås/Follo onsdag kl. 2015
Laga frå Nordvestlandet som spelar 64.delsfinale onsdag kl. 10.00 er:
Hødd 1 -Nordstrand 2
L&aellig;rdal-Herd 1
Eid-Nøtterøy
Spjelkavik-Ølen
Vestnes/Varfjell-Asker
FKS-Ås/Follo
Aksla-Oppsal 2

Skrive av Ronny Ødegård, 30.07.2008 01:17
10 siste: