Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
NC J16: Vindafjord-Stranda 1-6 (1-3)

NC J16: Vindafjord-Stranda 1-6 (1-3) Stranda sine jenter vann også sin første kamp i Norway-Cup. Då har både G16 og J16 ein pangstart på turneringa.


Ellen Marie Hole og Maria Berge skora 2 mål kvar. Dei to siste skora Sunniva Braaten og Elisabeth O Hole.

Frode Verpeide synest Ellen M Hole var kampens beste spelar. Først skrudde ho eit frispark inn til 1-1 og så hadde ho eit langskot seinare i kampen.

Keeper Christina Holmberg vart skada veka før avreise og vert truleg ikkje på bana i Oslo. Eit stort minus for jentelaget.

Mandag har vi desse kampane:

G16: Stranda-Trio Kl. 1830 på Furuset bane 3.
J16: Stranda-Lillehammer Kl. 1730 på Voldsløkka bane 5.

Skrive av Ronny Ødegård, 27.07.2008 22:38
10 siste: