Mona (Stranda Stadion) Noregs vakraste: På Sykkel med vårsola på blå himmel over Mona, er dette Noregs vakraste Stadion spør Harry Hovde?
Bergsøy med i teten etter siger over Sunnylven lørdag.
G16 vann borte mot Valder. Og FK Sykkylven med historias viktigaste siger! Leidulf Årvik klar for avreise til Trener II-kurset.
Sonegruppene for spelarar født 1995 er klar.
Noregs vakraste?
Mona –> Noregs vakraste Stadion spør eller påstår Harry Hovde? Vi er ikkje i tvil vi andre, Stranda Stadion er Noregs vakraste område :)
Les Harry Hovde si skildring her:
Vart høgtidstemt då eg sykla ein Mai morgon over Mona. Ein stille vårmorgon på veg til jobb med doggvått gras på dei irrgrønne nyslåtte plenane langs vegen. Heggen som duftar og syrenen i kvite og lilla blomar.
Lengre framme såg eg dei hølgreiste lysmastene på stadion, såg den grøne fine matta låg der ferdif oppmerka til bruk for alle. Stille var det no kl. 06.30. Men om 9-10 timar ville det v&aellig;re eit yrande liv av fotballspelarar i alle alderar igang med leik og morro. Tenker på all den gleda og opplevinga denne plassen har gitt meg og mange med morgonsola midt imot og Storfjorden blank og fin og med snø på dei mektige fjella rundt. Dette vart ein god og tankevekkande morgontur over &aellig;rverdige Mona.
Du verden kor fint her er :)
Fotballvenn og morgonfugl
Harry Hovde
Slik vert dei siste kampane før ferien gjennomført:
Herrer 6.divisjon: Tirsdag 24.juni. kl. 1900. Stranda 2-Giske
G16 2.divisjon: Torsdag 26.juni. kl. 1830. Blindheim-Stranda
A-lag herrer: Fredag 27.juni. kl. 1830. HaNo-Stranda
Damer 3.divisjon: Tirsdag 1.juli. kl. 1830. Herd-Stranda
G19 2.divisjon: Tirsdag 1.juli. kl. 1830. Brattvåg-Stranda
A-lag herrer: Lørdag 5.juli. kl. 1700. Sunnylven-Stranda
Utsatt: (skulle vere spelt tir 24.juni)
G19 2.divisjon: Sunnylven-Stranda
Sunnylven klarer ikkje stille lkag denne datoen, ny dato ikkje bestemt.
4.divisjon herrer: lørdag
Bergsøy-Sunnylven 2-0 (1-0)
Bergsøy vann denne viktige kampen for å henge med blant dei beste laga i 4.divisjon. Frank Sverre Skorpen og Daniel Sandvik skora måla.
Fem lag er i tetstriden av 4.divisjon. Etter ti serierunder ser det slik ut poengmessig.
Tabellen:
1. Stranda 23
2. Herd 22
3. Bergsøy 20
4. Ørsta 19
5. Norborg 19
G16 vann borte mot Valder:
Valder-Stranda 1-4 (1-1)
Stranda vann denne bortekampen og er dermed nr.2 på tabellen etter åtte runder.
Mål for Stranda:
Daniel Årvik 2
Anders Astad Sve 1
Elling Ola Kirkhorn 1
Anders A Sve bomma på sitt straffeforøk. Daniel Årvik skora på sitt forsøk.
Anders revansjerte seg på eit flott frispark seinare i kampen.
1. Brattvåg 20
2. Stranda 17
3. Blindheim 15 (ein kamp mindre spelt)
4. Valder
5. Aalesund 2
6. Herd 2
7. Hareid
8. ViGo
9. Aksla
Leidulf Årvik klar for avreise til Trener II-kurset:
Leidulf reiser til Voss søndag for å gjennomføre prakis i Trener-II utdanninga.
På Voss vert han ei veke. Dan Eggen er av dei mest profilerte som skal ta utdanninga ilag med Leidulf. Eggen var proff i Spania i fleire sesongar.
Vi ønsker Leidulf lykke til :)
Sonegrupper for spelarar født 1995:
Stranda har fått med fire spelarar i sonegruppene til hausten.
Sonegruppene for sone 2 (Ålesund, Sula, Sykkylven, Stranda, Norddal, Skodje, Ørskog, Stordal)
G-95: Øyvind Fjørstad og Simen Ødegård
J-95: Renate Habostad (k) og Lene Opsvik
Strandafotball GRATULERER alle fire med uttaket :)
3. divisjon herrer: FK Sykkylven med hyperviktig siger!
FK Sykkylven-Spjelkavik 4-2 (1-1)
Til denne bunnkampen hadde FKS henta inn Eivind Fet, Robert Sogge og Frank Furnes for å forsterke sjansane til å vinne historias viktigaste kamp for FKS!
Sidan starten for FKS i 2003 så har laget vore trygt plassert i 3.divisjon.
Men i 2008 har dei komt skeivt ut og med tap mot Spjelkavik trur vi laget hadde vore fortapt i divisjonen.
Nedrykk:
Eit lag rykker uansett ned frå 3.divisjon. Skarbøvik sikrar garantert plassen i 2.divisjon. Skulle vinnaren av 3.divisjon Sunnmøre vinne kvalifiseringa så vert det berre eit lag ned. Dette gjeld same formel i 4.divisjon.
FK Sykkylven har to kampar meir spelt enn Spjelkavik så sigeren var avgjerande for å vere med å utfordre Spjelkavik og Blindheim i bunnstriden. Vi trur nemleg at Godøy og Rollon som også er i skiktet tar jamnt og trutt poeng.
Så duellen står mellom dei tre nevnte laga.