Stranda vann idag 5-1 over Vartdal. Dermed held Stranda seg på toppen av 4.divisjon.
Pre-omtale:
Stranda har to toppkampar bak seg, siger mot Bergsøy borte og siger mot Herd heime. To sterke resultat frå Stranda si side. Vartdal snudde kampbildet totalt heime sist, låg under 0-2 for Gursken/Larsnes, men snudde resultatet til sterke 6-2.Eit meget imponerande resultat. Men bortestatistikken til Vartdal er i favør Stranda, heile 6 bortekampar på rad har Vartdal gått poenglause av bana! Men vi held alikavel Stranda som ein klar favoritt før kampstart!
Kampen:
Stranda starta kampen bra og etter 21 min kom 1-0 med Ronnie Furset på eit gjennomløp som han satte kontrollert forbi keeper. Knappe ti min etter sto det 2-0 på måltavla etter eit flott angrep i regi av Lied, Sve og Espelund. Der sistnevnte satte ballen kontrollert forbi keeper langs bakken på ein halv volley. Stranda gjekk opp i 3-0 ved Christian Malmo, som satte ballen kontrollert nede ved stolperota frå 17 meter. Stranda kunne dermed gå til pause med ein kontrollert 3-0 ledelse, etter ein omgang med mykje bra fotball og eit flust med sjansar. Ledelsen kunne vore større.
Men det gjekk ikkje meir enn 2 min av andre omgang før Ronnie Furset satte ein fin lobb over ein Vartdalkeeper på ein aldri så liten b&aellig;rtur. Dermed 4-0 til Stranda. 3 min seinare kom 5-0 ved samme mann, denne gangen møtte han ballen på fremste stolpe etter eit innlegg frå Christian Malmo. Etter dette produserte Stranda sjansar på løpande bånd, men ingenting ville inn i nettet.
Reduseringa til Vartdal kom på eit straffespark som Geir Arne Kaspersen satte kontrollert nede til høgre for Thomas Hove. Etter dette tok Vartdal meir over banespelet og hadde ballen mykje dei siste 30 min utan å produsere dei store sjansane. Stranda kom til nokre langskudd som enten blei blokkert eller så gjekk dei fleire meter utafor.
Kort kommentar etter kampen:
Stranda vann full fortjent der dei spelte mykje bra fotball dei første 60 min, dei siste 30 blei det mykje springing og lite fotball. Men alt i alt ein god kamp frå Stranda også i dag.
Ronny Ødegård: Periodevis veldig bra fotball, men skulle ønskje vi kunne fullføre betre dei siste 30 min av kampen.
Måla:
1-0 Ronnie Furset 21 min
2-0 Martin Espelund 32 min
3-0 Christian Malmo 40 min
4-0 Ronnie Furset 47 min
5-0 Ronnie Furset 50 min
5-1 Geir Arne Kaspersen 62 min
Laget:
1. Thomas Hove, 90
2. Thomas Roset, 90
3. Endre Kjølås, 90
4. Kim Vangen, 65
5. Erlend Langelo, 90
6. Stig Tore Lied, 90
7. Martin Espelund, 90
8. Kent Runar Vad, 85
9. Christian Malmo, 90
10. Kato Vangen, 25
11. Ronnie Furset, 75
12. Lars Erik Opsvik,
13. Fredrik Astad Sve, 50
14. Gunnar Espelund, 15
15. Anders Astad Sve, 25
16. Kristian Smoge, 15
17. Bjørnar Hole,
18. Iver Krohn, 5
Advarsel: Ingen.
Poeng:
3p: Martin Espelund
2p: Christian Malmo
1p: Ronnie Furset
Dommarar:
Tor Bjermeland - Hovuddommar
Steinar Hjelle - Ass.dommer
Antoni Vike Danielsen - Ass.dommer
10. serierunde:
Herd - HaNo 7-2
Vigra - Ørsta 2-4
Norborg - Ørskog
ÅVK - G/L 3-0
Laurdag: Bergsøy - Sunnylven