Stranda Fotball ønskjer deg velkomen til strandafotball.no
Stranda-Vartdal på torsdag kl. 1830

4.divisjon herrer: Stranda får besøk av Vartdal på Stranda Stadion torsdag kl. 1830. Stranda har tabelltoppen og må vere topp skjerpa til kampen mot laget som ligg av dei svakast plasserte.


Dette er siste heimekampen før ferien. Etter denne står bortekampar mot HaNo (27.06) og Sunnylven (05.07)igjen.

Stranda stiller så å seie full tropp. Berre Håkon Mikal Dalen er ute med ein ankelskade. Espen Hove vert ikkje speleklar til kampen.

Kva Vartdal består av, veit vi lite om.
Vartdal var eit stabilt lag i 3.divisjon på heile -80 tallet og då møtte Stranda dei mykje i tette oppgjer. Ikkje sidan 1996 har Stranda spelt seriekamp mot dette laget. 2-2 på heimebane i 2.serierunde huska vi.

10.serierunde:
Stranda-Vartdal 1830
Herd-HaNo 1830
Norborg-Ørskog 1830
ÅVK-GuLa 1830
Vigra-Ørsta 1830
Bergsøy-Sunnylven (lør 21.06)

Torsdag 19.juni kl. 1830. Stranda-Vartdal. Stranda Stadion.

Skrive av Ronny Ødegård, 18.06.2008 21:08
10 siste: