A-lag herrer: Espen Hove (24) vender tilbake til Stranda. Han har spelt i Hovdebygda så langt i 2008. Espen har skora 9 mål på 9 seriekampar for topplaget i 5.divisjon. Vi ønsker Espen velkommen heim :)
Espen Hove er ein ekte Strandagut med sjel for fotballmiljøet.
Før 2008 sesongen valgte han og melde overgang til Hovdebygda pga skule og jobb i Volda. No når han vender heim til moderklubben er det ikkje for at han har likt seg dårleg på Hovden laget. Han har vore i eit godt miljø og har vore sentral på laget. Hovdebygda er pr.dato på ein sikker oppykksplass i 5.divisjon.
Espen har skora 9 mål på ni seriekampar for Hovdebygda. I treningskampane skora han 6 mål på 5 kampar.
Når Espen kjem heim til Stranda så vil han gå inn i ein stall som leder 4.divisjon.
Draktnummer: Espen Hove –> Nr. 11
Kva rolle Espen vil få i Stranda er ikkje bestemt. Han vil kjempe om ein plass på laget ilag med mange andre sterke kandidatar.