4.divisjon herrer: Stranda-Vigra 5-3 (3-2) Frå det flotte spelet til det meir tafatte, slik kan vi oppsummere kampen mot Vigra torsdag. Mykje folk som støtta oss i det fantastiske veret, synest vi lagar den ekstra given på ein dag vi kunna tenkt oss å servert meir stabilt godt spel.
Det er tett i toppen etter seks serierunder.
Ørsta knuste laget frå Sande! Bergsøy vann toppkampen. Og Haramderbyet fekk ingen vinner. Vår nabo Sunnylven tar stadig poeng, denne gongen med siger mot ÅVK. Ørskog trudde vi skulle vere i toppen, men Robert Sjøholt har ei stor oppgave og få ein solid stall på rett spor etter nok eit tap (Vartdal 3-1)
I første omgang skora Vigra på to dødballar, faktisk dei to einaste forsøka laget hadde i omgangen. Den andre dødballen var keeper Thomas Hove si blemme.
Stranda var i perioder flinke med ballen og kom ofte opp i angrepsavslutning. Men for mange innlegg vart for svakt utført. Eit til to trekk for mykje i nokre annledninger. Og nokre situsjoner der vi skal variere mellom 2. og 3.bevegelse forran ballførar.
Stranda produserer heller ikkje så mange klare sjanser, men fortjent nok til å skore tre mål og pauseledelse.
Andre omgang vil Stranda gjerne vise seg fram frå ei enda bedre side. Noko den første halvtimen viser i gode perioder. Men så sovner laget siste tredjedelen av omgangen og Vigra skaper sine største og einaste sjanser i kampen. Først går ein spelar enkelt gjennom og reduserer. Så får Thomas Hove redda meisterleg to forsøk aleine med ein Vigraspelar. Kim Vangen hadde også ei redding på streken. Altså Vigra skaper fire store mulegheiter siste kvarteret, og desse er dei einaste spelesjansane dei hadde.
Konklusjonen er at laget varierer for mykje iløpet av kampen.
Enkle feil på deffansiven. Og litt enklare angrepsavslutninger på offansiven.
Ved få justeringer hadde Vigra kanskje vore slakt i denne kampen?
Vi gelder oss over dei positive periodane. Men vi må rette på dei svakaste.
7.serierunde:
Stranda-Vigra 5-3
Sunnylven-ÅVK 2-0
Vartdla-Ørskog 3-1
Ørsta-Larsnes/Gursken 10-0
Herd-Bergsøy 0-1
HaNo-Norborg 2-2
Laget:
1. Thomas Hove 90
2. Thomas Roset (k) 90
3. Endre Kjølås 90
4. Kim Vangen 90
5. Erlend Langelo 90
6. Stig Tore Lied 90
7. Martin Espelund 90
8. Fredrik Astad Sve, 65
9. Kent Runar Vad 80
10. Christian Malmo, 90
11. Kato Vangen 75
12. Lars Erik Opsvik
13. Håkon Mikal Dalen 15
14. Gunnar Espelund 25
15. Nils Petter S&aellig;ther 10
16. Bjørnar Hole 05
Dommar: Oddbjørn Aam 5 poeng.
Tilskodarar: 140
Måla:
0-1 ?, 17 min.
1-1 Kato Vangen, 20 min.
1-2 Tommy Roald, 29 min.
2-2 Kato Vangen, 31 min.
3-2 Thomas Roset, 33 min
4-2 Martin Espelund, 55 min.
5-2 Kato Vangen, 60 min
5-3 ?, 67 min.
Advarsel: Kato Vangen (gult kort)
Poeng:
3p: Kato Vangen
2p: Erlend Langelo
1p: Martin Espelund
Kent Runar viste ein enorm innsats i andre omgang. Spesielt i dei periodane andre sleit. Fredrik Astad Sve gjorde mykje bra i perioder. Thomas Hove gjorde ein ny god kamp, men hadde ei blemme på Vigra si 2-1 skoring.
Vigra sin beste spelar:
8. serierunde. Bergsøy-Stranda 06 juni. Kl 1900.